Ved endring av dagleg leiar eller transportleiar har føretaket plikt til å melde frå til Statens vegvesen.

Har føretaket skifta transportleiar eller dagleg leiar, skal føretaket melde dette til Statens vegvesen snarast og seinast innan 28 dagar.

Løyva vert kalla tilbake dersom ikkje verksemda innan 3 månader etter skiftet kan dokumentere at det er tilsett ny transportleiar eller dagleg leiar som fyller krava til vandel og fagleg kompetanse.

Slik melder du frå om endring

Skjema «Melding om endring av dagleg leiar/transportleiar» skal fullstendig fyllast ut. I tillegg må de legge ved nødvendig dokumentasjon.

Skjemaet skal sendast til oss, enten via e-post til eller til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Merk med «gods-/turvognløyve».

Kva dokumentasjon må leggjast ved?

  • Endrar firmaet transportleiar, må de leggje ved politiattest som stadfestar at den nye transportleiaren har god vandel. Vi rår då til å sende skjema og dokumentasjon i posten, då politiattesten inneheld sensitiv informasjon.
  • Dersom ny transportleiar ikkje administrerer løyvetypen selskapet er innehavar av, må dokumentasjon på fagleg kvalifikasjon leggjast ved.
  • Dokumentasjon på at transportleiar har tilknyting til firmaet ved arbeidskontrakt eller ved innleigekontrakt, eller dokumentasjon på at transportleiar er aksjonær eller har styreverv i føretaket. Ein eventuell innleigekontrakt skal vere signert av begge føretak. Den skal innehalde skildring av arbeidsoppgåver og ansvarsområde i samsvar med forordning 1071/2009, artikkel 4 punkt 2b (PDF, Lovdata).

Spørsmål om endring av dagleg leiar/transportleiar?

Send e-post til eller ring oss.