Har føretaket skifta namn, bør de melde frå om det til oss.

Dersom føretaket har skifta namn, bør skjema om namneendring sendast inn til Statens vegvesen for å melde frå om denne endringa.

De er ikkje pliktige til å melde frå om namneendring, då løyve er utferda på organisasjonsnummer, men det vil gjere kontrollar langs vegen meir effektive.

Skjemaet skal sendast til Statens vegvesen enten via e-post til firmapost@vegvesen.no eller til

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

Merk med «gods-/turvognløyve».

Transportør som er innehavar av fellesskapsløyve vil få utferda nytt hovuddokument samt nye attesterte kopiar som skal erstatte tidlegare utferda hovuddokument og kopiar. Når de har motteke nye løyve, er de pliktige til å returnere dei gamle løyva til Statens vegvesen.

Utferding av nye løyvedokument i samband med namneendring er gebyrfritt.

Spørsmål om namneendring?

Send e-post til transportloyve@vegvesen.no eller ring oss.