Du søkjer om transportløyve ved å sende søknad til oss. Det gjer du også når du søkjer om fleire løyve eller utskifting av nasjonale løyve.

Søknadsskjema

Last ned, fyll ut og lagre søknadsskjemaet du finn på Skjema for transportløyve (vert opna i ny fane)

Søknadsskjemaet må fullstendig utfyllast. Hugs dato og signaturar.

Attestar og dokumentasjon som skal leggjast ved

Attestane kan ikkje vere eldre enn 3 månader på søknadstidpunktet.

Du må identifisere deg med BankID eller liknande ved innsending.

Du kan sende inn søknaden på tre måtar

Søk digitalt

Her må du identifisere deg med BankID eller liknande ved innsending.

Start løyvesøknad

Send søknaden i posten

Postadressa er oppgitt i søknadsskjemaet.

Send inn søknaden på e-post

E-postadressa er oppgitt i søknadsskjemaet.


Spørsmål om gods- og turvognløyve?

Har du spørsmål om gods- og turvognløyve, kan du sende dei på e-post til (merk med gods-/turvognløyve) eller ring oss.