Varslingskanal
Tips oss om useriøse og kriminelle handlingar innanfor anlegg, drift og vedlikehald, transport og trafikant- og køyretøyområdet.
Døme på useriøse og kriminelle handlingar kan vere å drive ulovlege verkstader eller trafikkskular, juks ved teoriprøver, brot på køyre- og kviletid og brot gjorde av entreprenørar og leverandørar innanfor anleggs-, drifts- og vedlikehaldskontraktar.
Du kan gi oss tips ved å
- sende ein e-post til
- varsle gjennom den krypterte varslingskanalen vår
- sende tips per post til Statens vegvesen
Hugs at e-post i utgangspunktet er ukryptert. Dersom tipset ditt inneheld fødselsnummer, personopplysningar om mange personar, teiepliktig informasjon, sensitive personopplysningar eller liknande, tilrår vi at du krypterer e-posten eller sender tipset gjennom varslingskanalen.
Behandling av tips
Du får ei stadfesting på at vi har tatt imot tipset. Alle tips blir vurderte med tanke på vidare oppfølging. Dersom vi ikkje kan følgje opp tipset med ein gong, blir informasjonen registrert i systema våre og kan bli følgd opp på eit seinare tidspunkt.
Gjeld tipset ansvarsområde som høyrer til andre myndigheiter, vurderer vi informasjonen og vidaresender han eventuelt til rett myndigheit.
Anonymitet
Du kan sjølv velje om du vil sende inn tips anonymt eller under fullt namn. Ønskjer du å varsle anonymt, tilrår vi at du bruker varslingskanalen.
Har du først oppgitt namnet ditt, kan vi ikkje love deg anonymitet på eit seinare tidspunkt. Det finst likevel reglar om teieplikt som vil verne om identiteten din dersom det er behov for det.
Offentlegheit og innsyn
Statens vegvesen behandlar tips i samsvar med lover og reglar for offentleg saksbehandling. Dette betyr blant anna at vi journal- og arkivfører tips i tråd med arkivlova.
Opplysningar i tipssaker er underlagde offentleglova. Det betyr at opplysningane er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. Teiepliktige opplysningar er unntatt frå innsyn. Tips, melding eller liknande informasjon om lovbrot frå private vil ofte vere unntatt frå innsyn etter andre unntaksreglar.
E-reg
Relevante tips blir behandla i Statens vegvesen sitt etterretningsregister, E-reg. Tips kan innehalde personopplysningar. Sjå overordna informasjon om korleis Statens vegvesen behandlar personopplysningane dine, i personvernerklæringa.
Den følgjande informasjonen gjeld særskilt for behandling av personopplysningane dine i E-reg og rettane dine i samband med denne behandlinga.
Statens vegvesen har plikt til å behandle personopplysningar på ein open måte. Dette betyr blant anna at vi skal gi deg kort og forståeleg informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane dine når vi hentar dei inn. Vi skal blant anna gi deg informasjon om
- den behandlingsansvarlege (Statens vegvesen) og personvernombodet vårt
- føremålet med og det rettslege grunnlaget for behandlinga
- eventuelle mottakarar av opplysningane
- lagringstid for opplysningane
- rettane dine til å be oss om å rette eller slette opplysningane eller avgrense behandlinga av dei
- rettane dine til å protestere mot behandlinga av opplysningane
- eventuell vidarebehandling av opplysningane til uforlikelege føremål
Du har rett til å vite om du er registrert i E-reg og kan krevje innsyn i kva personopplysningar som blir behandla.
Regelverk:
Unntak frå retten til informasjon og innsyn
Det finst nokre unntak frå retten til informasjon og innsyn i E-reg. Retten omfattar blant anna ikkje opplysningar
- som det er nødvendig å halde hemmelege av omsyn til førebygging, etterforsking, avsløring og rettsleg forfølging av straffbare handlingar
- som vil vere i strid med openberre grunnleggjande private eller offentlege interesser
Retten gjeld heller ikkje dersom det viser seg umogleg å gi den nemnde informasjonen eller det vil innebere ein uforholdsmessig stor innsats, eller dersom informasjonsplikta vil gjere det umogleg eller i alvorleg grad vil hindre at måla med den nemnde behandlinga blir nådd.
Vi kan gi unntak i enkelte andre tilfelle. Vi vurderer unntak i kvar enkelt sak.
Regelverk:
Andre rettar
Du har også følgjande rettar når vi har registrert opplysningar om deg:
- Du kan be oss om å rette eller supplere opplysningar som er feilaktige eller misvisande.
- I visse situasjonar kan du be oss om å slette opplysningar om deg.
- Du kan i nokre situasjonar be oss avgrense behandlinga av opplysningar om deg.
- Dersom behandlinga er basert på samtykke eller kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysningane dine til deg eller ein annan behandlingsansvarleg.
- Dersom vi behandlar personopplysningane dine med grunnlag i oppgåvene våre eller på bakgrunn av ei interesseavveging, kan du protestere mot denne
- behandlinga.
- Du kan klage på behandlinga vår av personopplysningane dine til Datatilsynet.
- Du kan til kvar tid trekkje tilbake samtykket ditt.
E-reg er utvikla med innebygd personvern (Privacy by Design) og har ein automatisk slettefrist på maksimalt 3 år. Vi lagrar berre relevant informasjon, og personopplysningar som ikkje lenger er nødvendige, blir sletta gjennom fortløpande kvalitetskontroll.
Vi skal svare på førespurnader frå dei som er registrerte, innan 30 dagar.