Vi har mista løyvedokument
Mister de løyvedokument, må de melde frå om det til oss.
Ved tap av løyve, skal de gje skriftleg beskjed til Statens vegvesen.
De kan melde tap av løyve elektronisk på Di side eller ved å sende inn papirskjema.
Statens vegvesen vil utferde nytt løyvedokument dersom løyvet skal erstattast.
Når eit nasjonalt løyve vert meldt tapt, vert det utferda fellesskapsløyve med gyldigheit til 01.01.2025. Dersom føretaket ønskjer fellesskapsløyve med lengre gyldigheit, må de søkje om nytt løyve og dokumentere vilkår.