Nasjonale gods- og turvognløyve er gyldige fram til 01.01.2025.

Nasjonale gods- og turvognløyve (kvite med raud kant) er gyldige fram til 01.01.2025. Etter dette må alle som driv løyvepliktig gods- eller turvogntransport ha fellesskapsløyve. Fellesskapsløyve er i fargen blå, og kan nyttast i både nasjonal og internasjonal transport.

Ved søknad om utskifting av nasjonale løyve til same antal fellesskapsløyve er det ikkje nødvendig å oppjustere garantien.

Illustrasjon av eldre løyve for Nasjonale gods- og turvognløyve, som berre er gyldige fram til 01.01.2025 og felleskapsløyve.
Nasjonale gods- og turvognløyve er gyldige fram til 01.01.2025. Etter dette må felleskapsløyve brukast. Illustrasjon: Statens vegvesen