Løyvedokumenta må sendast inn til Statens vegvesen.

Dersom føretaket har redusert behov for løyve, skal originale løyve sendast inn til Statens vegvesen saman med utfylt skjema for retur/innlevering av løyve.

Skjemaet kan du få ferdig utfylt på Di side.

Logg inn på Di side

Statens vegvesen registrerer løyva som innlevert når vi mottek dei. Løyvedokumenta vil etter dette bli makulert.

Føretaket får skriftleg stadfesting på at løyvedokumenta er registrert innlevert.