Kva er fellesskapsløyve for gods- og turvogn?
Alle som skal drive gods- og/eller persontransport med motorvogn mot vederlag må ha løyve.
- Løyvet er knytt til eit organisasjonsnummer. Det kan ikkje lånast ut eller overførast til andre.
- Føretaket må søkje om løyve og oppfylle vilkåra til etablering, vandel, økonomi og fagleg kompetanse.
Fellesskapsløyve for gods
Eit fellesskapsløyve for godstransport gjev verksemda rett til å drive godstransport mot vederlag.
- Det er løyveplikt for godstransport mot vederlag med motorvogn over 3 500 kg i Noreg og EU/EØS.
- For godstransport med motorvogn mellom 2 500 kg og 3 500 kg er det løyveplikt kun ved internasjonal transport.
- Reglane for om løyvehavar kan nytte fellesskapsløyve for godstransport over 3 500 kg til transport mellom 2 500 kg og 3 500 kg er ulike frå medlemsland til medlemsland. Statens vegvesen rår derfor til at løyvehavar nyttar fellesskapsløyve for godstransport mellom 2 500 kg og 3 500 kg til slik transport. Dersom løyvehavar ønskjer eit meir konkret svar, kan dei vende seg til det landet dei opererer i.
Fellesskapsløyve for turvogn
Eit fellesskapsløyve for turvogntransport gjev verksemda rett til å drive persontransport utanfor rute mot vederlag når transporten skjer med bil, minibuss eller buss registrert med fleire enn 9 seter.
Søknad om løyve
Transportleiar kan vere tilsett eller innleigd i føretaket. Dersom transportleiar er tilsett, skal det leggjast ved kopi av arbeidskontrakt eller utklipp frå Aa-registeret. Dersom transportleder er innleigd, skal det leggjast ved innleigekontrakt signert av begge føretak. Innleigekontrakten skal innehalde skildring av arbeidsoppgåver og ansvarsområde i samsvar med forordning 1071/2009, artikkel 4 punkt 2b (PDF, Lovdata).
Kan løyva verte tilbakekalla?
Dersom verksemda ikkje lenger oppfyller vilkåra for å inneha løyve, kan Statens vegvesen kalle tilbake løyva. Det vil seie at verksemda mistar retten til å inneha løyve og retten til å drive transport mot vederlag.
Kontroll i bedrift
Statens vegvesen skal kontrollere om transportføretaka til kvar tid oppfyller dei vilkår som gjeld for å drive yrkestransport, jamfør forordning 1071/2009 art. 12 (PDF, Lovdata). Når Statens vegvesen skal prioritere kva kontrollar som skal gjennomførast, skal mottekne meldingar om sanksjonerte lovbrot vere ein av faktorane.
Fram til i dag har Statens vegvesen gjennomført kontroll i bedrift av køyre- og kviletid. Transportforetaka kan i framtida forvente at vilkåra for å vere innehavar av transportløyve også vert kontrollert.