Trygg trailer gir bedrifter høve til å sikre at transporten av varene frå bedrifta blir tryggare.

Som Trygg trailer-bedrift inngår bedrifta di eit samarbeid med Statens vegvesen og gjer ein aktiv innsats for å sikre betre tryggleik og framkomme på norske vegar.

Statens vegvesens rolle

Vegvesenet kjem på besøk og gir dei tilsette ei enkel innføring i korleis dei kan sjekke at dekk og kjettingar er i orden. Statens vegvesen har med Trygg trailer-pakkar som inneheld informasjon om krav til vinterutrusting og nyttige produkt, både til dei tilsette i bedrifta og til besøkjande sjåførar.

Rolla til bedrifta

Bedrifta sjekkar vinterutrustinga på vogntog som kjem til bedrifta. Er utrustinga dårleg, kan dei nekte last og melde frå til transportøren om at slike vogntog ikkje er ønskjeleg. For bedriftene er det viktig å utarbeide klare retningslinjer for korleis dei vil handtere slike situasjonar. Statens vegvesen kan hjelpe til med dette.

Bedrifta deler også ut ein Trygg trailer-pakke til sjåførane som mellom anna inneheld Trucker's guide (denne finst på fleire språk).

Korleis bli med?

Bedrifter samarbeider med Statens vegvesen lokalt. Sjå kontakt for Trygg trailer i dei ulike fylka.

Kontaktinformasjon for Trygg trailer

  • Finnmark, Troms, Nordland:
  • Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland (Bergen og nordover):
  • Agder, Oslo, Vestfold, Telemark, Rogaland, Vestland (sør for Bergen), Oslo, søre Buskerud, Østfold, Follo:
  • Innlandet, Akershus, nordre Buskerud:

Har du andre meir generelle spørsmål, kan du kontakte oss på

Trygg trailer