Om du som sjåfør kjem til ein Trygg trailer-bedrift, risikerer du at dei som jobbar der gjennomfører ein sjekk av vinterutrustinga di.

Tilsette på bedrifta har fått ei innføring av Statens vegvesen i korleis dei kan sjekke at dekk og kjettingar er i orden.

Bedriften vil også gi deg informasjon om vinterkøyring i Noreg (Trucker's guide, som finst på fleire språk) og nyttige artiklar for deg som er ute og køyrer på vegen vinterstid.

Viss vogntoget ditt ikkje har gode nok dekk og nok kjettingar, kan du risikere at du blir nekta last.

Trygg trailer