Gjennom samarbeidet i Trygg trailer får ein transportkjøpar informasjon om vinterdekk og krav til kjetting, og kan gjere ein enkel sjekk av vogntoga sine.

Vogntog som kjem til bedrifta og ikkje er godt nok rusta, kan bli nekta last.

Kvar vinter opplever vi framkommeproblem og trafikkfarlege situasjonar på grunn av dårleg skodde vogntog. Tiltak som bidreg til betre vinterutrusting på tunge køyretøy vil gi gevinstar både for bedrifta sjølv og for alle som bruker vegnettet vårt:

  • Auka trafikktryggleik
  • Betre framkomme vinterstid
  • Kortere/ meir føreseieleg transporttid
  • Auka lønnsemd
  • Betre arbeidsvilkår (for sjåførane)

Gjennom deltaking i Trygg trailer kan ei bedrift vere med på å sikre at transporten av varene frå bedrifta blir tryggare.

Har du spørsmål om sjølve prosjektet kan du kontakte nasjonal koordinator Trine Giskås på

Bakgrunn for Trygg trailer

Trygg trailer vart i 2017 eit nasjonalt tiltak i regi av Statens vegvesen. Trygg trailer er eit resultat av eit samarbeid som starta vinteren 2010 mellom Statens vegvesen Region nord og Fiske- og landsforeininga til havbruksnæringa (FHL), på initiativ frå bedrifta Nova Sea. Fiske- og havbruksnæringa ønskte at tilsette i bedriftene deira skulle få opplæring i å gjennomføre enkle kontrollar av køyretøya som kom for å hente fisk. Tungbilsjåførane som kom til bedriftene fekk også overlevert informasjon om krav til køyretøyutrusting vinterstid.

Etter kvart som tiltaket har vorte kjent, har også andre bransjar og bedrifter teke kontakt med Statens vegvesen og ønskt eit liknande samarbeid.

I 2014 vart Trygg trailer etablert som eit nasjonalt prosjekt eigd av trafikant- og køyretøyavdelinga i Vegdirektoratet. Prosjektperioden var 2014-2017. Etter evalueringa av prosjektet vart Trygg Trailer eit trafikktryggleikstiltak som Statens vegvesen tilbyr til transportkjøparar.

Trygg trailer