Gebyr ved overlast
Kjører du med for tung last, og blir stoppa i kontroll, må du betale eit gebyr. Her finn du som yrkessjåfør oversikt over gebyra ved overlasting.
Satsane for gebyr ved overlasting gjeld for køyretøy over 3 500 kg, og gjeld frå 1. mars 2024. Gebyret skal bidra til trafikktryggleik og hindre slitasje på vegane.
Grunngebyr
For all overlasting ut over frimarginane, anten det er aksellasta eller totallasta som er overskriden, skal det betalast eit grunngebyr på 2 200 kroner. Dette beløpet kjem i tillegg til gebyret som blir berekna ut frå storleiken på overlasta.
Satsar for gebyr ved overlasting
Tabellene nedanfor viser satsane for gebyr ved overlasting.
Gebyrpliktig overlast ved overskriding av aksellast
Kilo | Gebyr |
---|---|
Av dei første 2 000 kg | 500 NOK per 100 kg |
Dei neste 2 000 kg | 750 NOK per 100 kg |
Dei neste 2 000 kg | 1 100 NOK per 100 kg |
Dei neste 2 000 kg | 1 250 NOK per 100 kg |
og av det overskytande | 1 500 NOK per 100 kg |
Gebyrpliktig overlast ved overskriding av totalvekt
Totalvektgebyret skil mellom køyretøy og vogntog. For køyretøy aukar satsen ved overlasting over 5 000 kg, medan for vogntog aukar satsen ved overlasting over 10 000 kg.
Kilo | Gebyr |
---|---|
Av dei første 5 000 kg | 500 NOK per 100 kg |
og av det overskytande | 750 NOK per 100 kg |
Kilo | Gebyr |
---|---|
Av dei første 10 000 kg | 500 NOK per 100 kg |
og av det overskytande | 750 NOK per 100 kg |