Hels på Håkon Matre! Han er ein av prosjektleiarane på riksveg 555. Sotrasambandet, og har ansvar for alle konstruksjonane, all arbeid på veg og all trafikkavvikling knytt til prosjektet.
Med ei hengebru på 900 meter, 22 mindre bruer, 19 portalar og fleire undergangar er det ganske mange konstruksjonar som skal følgast opp. Prosjektet ligg òg tett på tungt trafikkerte områder der det er få moglegheiter for å legge trafikken over på avlastande omkøyringsvegar.
Med andre ord har Håkon litt å holde fingrane i. Men det er tilliten han har blitt vist og utviklingsmoglegheitene han har fått, som er noko av grunnen til at han har blitt verande i Vegvesenet i over 17 år.