Meir informasjon til deg med studieretning konstruksjonsteknikk
Vi i seksjonane som jobbar med bruer i Statens vegvesen søkjer deg som går andre til fjerde året på bygg- og miljøteknikk med studieretning konstruksjonsteknikk. Vi vil sitje saman med deg på same lokasjon det meste av sommaren. Det betyr at vi håpar du startar så tidleg som mogleg i juni, tar felles ferie med oss i løpet av juli og fortset i august. Vi har kontor i Tromsø, Narvik, Bodø, Steinkjer, Trondheim, Molde, Bergen, Voss, Stavanger, Kristiansand, Drammen, Oslo, Moss, Hamar og Lillehammer.
Hovudarbeidsområda våre er å
- vareta fagansvaret for bruer, ferjekaier og andre berande konstruksjonar i Statens vegvesen sine prosjekt
- gi fagleg rettleiing og rådgiving innan fagområdet planlegging, prosjektering og FDV (forvaltning, drift og vedlikehald) av bruer
- planleggje og prosjektere nye bruer, ferjekaier og andre berande konstruksjonar, pluss vedlikehaldstiltak. Det betyr at vi mellom anna utarbeider konsept, teikningar/modellar og statiske berekningar/dimensjonering
- planleggje og gjennomføre inspeksjonar av eksisterande bruer, ferjekaier og betongtunnelar med trafikk over
Døme på aktuelle oppgåver som du som student kan jobbe med hos oss:
- inspisere eksisterande bruer og registrere skadar
- prosjektere delar av nye bruprosjekt eller vedlikehaldstiltak
- berekne bruer
- modellere bruer (parametrisk eller med Tekla/Revit)
- utarbeide ferdigbruteikningar
Om oss
Brumiljøet i Statens vegvesen spenner over fleire divisjonar i tillegg til Vegdirektoratet.
Divisjonen Drift og vedlikehald har ansvar for drift, vedlikehald og utbetring av riksvegar. Fagressursar på divisjonen Drift og vedlikehald bidrar i heile livsløpet til vegen – frå planlegging, prosjektering og bygging til drift, vedlikehald og forvaltning.
Divisjonen Utbygging har ansvar for større utbyggingsprosjekt av riksvegar. Fagressursar på divisjonen Utbygging hjelper dei ulike utbyggingsprosjekta med å planleggje, prosjektere og byggje
Meir informasjon til deg som studerer vegfag
Vegingeniørfaga er ryggrada i Statens vegvesen og i toppmåla våre:
- Enklare reisekvardag og auka konkurranseevne for næringslivet
- Meir for pengane
- Effektiv bruk av ny teknologi
- Nullvisjon for drepne og hardt skadde
- Bidra til å nå Noreg sine klima- og miljømål
For å nå desse måla er Statens vegvesen, og samfunnet, avhengig av deg som utdannar deg innanfor kjernefaga vegplanlegging og vegteknologi.
Som vegingeniør arbeider du med å planleggje og å byggje trafikksikre og haldbare vegar og gater. Ein moderne veg er konstruert for at han i samspel med naturkreftene skal halde køyretøyet på vegen. Som vegingeniør arbeider du med å utforme og utbetre vegar og gater etter desse prinsippa, og slik at dei blir lett lesbare, forståelege og trygge for alle trafikantar, etter kvart også sjølvkøyrande køyretøy. Vegsystemet vårt er livsnervane i samfunnet. Vegane må tilpassast og integrerast i landskap og natur på ein så god måte som mogleg, med minst mogleg inngrep i natur og miljø og med låge klimagassutslepp. Dei må utformast og byggjast på ein måte som gjer dei motstandsdyktige mot stadig tyngre trafikk og stadig større påkjenning frå naturkreftene.
I sentrum av det tverrfaglege arbeidet i spennet mellom mennesket, teknikken og naturen står vegingeniøren. Vi ønskjer deg velkomen med på laget.
Vi i Statens vegvesen søkjer deg som går første til fjerde året i bachelor- eller masterstudium på bygg- og miljøteknikk, til allsidige oppgåver, erfaringsinnhenting og læring. Vi vil sitje saman med deg på same lokasjon det meste av sommaren. Det betyr at vi håpar du startar så tidleg som mogleg i juni, tar felles ferie med oss i løpet av juli og fortset i august.
Vegingeniørar finn du «over alt» i Statens vegvesen.
Vegdirektoratet utviklar og forvaltar regelverket for vegplanlegging og vegbygging.
Divisjonen Drift og vedlikehald har ansvar for drift, vedlikehald og utbetring av riksvegar. Fagressursar på divisjonen Drift og vedlikehald bidrar i heile livsløpet til vegen – frå planlegging, prosjektering og bygging til drift, vedlikehald og forvaltning.
Divisjonen Utbygging har ansvar for større utbyggingsprosjekt av riksvegar. Fagressursar på divisjonen Utbygging hjelper dei ulike utbyggingsprosjekta med å planleggje, prosjektere og byggje.
Meir informasjon til deg som studerer juss
Som jurist i Statens vegvesen har du mange moglegheiter Juristane våre jobbar innan eit breitt spenn av rettsområde og innan ulike delar av verksemda til Statens vegvesen. Vi har to juridiske avdelingar: avdelinga Juridisk og anskaffingar og avdelinga Veg- og trafikkjuridisk. I tillegg er det juridiske fagmiljø i divisjonane Utbygging, Drift og vedlikehald, og Trafikant og køyretøy.
Nå søkjer vi jusstudentar til sommarjobb i ein periode på fire–fem veker med oppstart tidleg i juni.
Du kan jobbe på kontoret vårt i Drammen, Oslo, Bergen, Moss, Gjøvik, Molde, Harstad eller Stavanger.
Vi søkjer deg som minst har byrja på tredje studieår, har gode eksamensresultat og har interesser innanfor nokon av dei rettsområda som er særleg relevante for Statens vegvesen:
- erstatningsrett
- kontrakts- og entrepriserett
- offentlege anskaffingar
- ekspropriasjons- og skjønsrett
- forvaltningsrett
- personvernlovgiving
- tingsrett
- veglova og vegtrafikklovgivinga
- sivil- og straffeprosess
Ein sommarjobb hos Statens vegvesen vil la deg bli kjent med ein stor offentleg etat og få relevant arbeidserfaring innan dei rettsområda etaten jobbar med
Vi kan tilby interessante og utfordrande oppgåver innan fleire rettsområde. Vi ønskjer at du skal få arbeide med oppgåver innan ansvarsområdet vårt som gir gode moglegheiter for å lære relevant jus. Arbeidsoppgåvene vil variere mellom dei ulike avdelingane, avhengig av den enkelte avdelinga sitt ansvarsområde. Med sommarjobb i Statens vegvesen vil du bli ein del av eit juridisk fagmiljø der du får jobbe saman med flinke kollegaer.
Slik er det å jobbe som jurist i Statens vegvesen
Meir informasjon til deg som studerer IT
I IT-avdelinga til Statens vegvesen jobbar 316 personar med å oppretthalde og forbetre Statens vegvesen sine tenester. Vi er lokalisert sentralt i Drammen Business Center, rett ved både tog og buss.
Nå søkjer vi etter studentar som vil ha ein sommarjobb som gjer ein forskjell for tryggleiken på norske veger. Vi søkjer etter deg som studerer IKT (dataingeniør, datateknologi, informatikk, programmering og kommunikasjonsteknologi), og studentar på fjerde året vil ha fortrinnsrett.
For at du skal få jobbe mest mogleg saman med kollegaene dine, håpar vi du kan starte tidleg i juni, at du tar ferie i juli samtidig med dei nye kollegaene dine, og at du fortset jobben i august.
Visste du at ...
- nettsidene våre har 150 000 besøk i snitt KVAR dag?
- appane blir utvikla internt, og førarkortappen aleine er lasta ned av fleire millionar brukarar?
- vi jobbar med framtidas teknologi, som til dømes KI, for å gjere Statens vegvesen enda betre?
- vi nyleg har utvikla ein digital synsattest, og fleire spennande prosjekt er i roadmap?
Arbeidsområda våre er i hovudsak
- JavaScript, React
- HTML5, CSS3, Storybook og Figma
- universell utforming
- Java/Kotlin
- React Native
- skyteknologi
Døme på aktuelle oppgåver du vil jobbe med
- kode og utvikle komplekse løysingar
- setje arkitektur på prosjekta våre
- teste framtidas løysingar
- utvikle appar
Vil du vite meir?
Les korleis medarbeidarane våre opplever å jobbe med teknologi og utvikling i Statens vegvesen:
Med et bredt spekter av prosjekter er det en fordel med ulike folk
På vei mot en digital framtid