Om traineeprogrammet
Traineeprogrammet går over 22 månader og skal gje deg eit strategisk blikk på samferdselssektoren og eigarskap til løysningar for samferdsel i framtida.
Gjennom programmet vil du få arbeid både aleine og saman med andre i datadomene på tvers av etaten. Datadomene er enkelt forklart nøye tverrfaglege team, som er sett saman for å bidra slik at vi kan utnytte verdifull data. Dette er med på å bidra til samfunnets beste, og at vi når måla våre. Det blir individuell opplæring, hospitering i ulike fagmiljø, jamlege fellessamlingar, samt kunnskapsdeling på digitale arenaer gjennom heile programmet.
Du vil få ein fagfadder som vil fylgje deg opp og støtte deg i kvardagen. I tillegg vil du gjennom heile programmet ha ein coach som støtter deg i din personlege utvikling.
Som trainee ho oss blir du kasta ut på djupt vatn i ulike roller. Du får ei bratt læringskurve og ein moglegheit til å byggje ei spennande karriere saman med dyktige kollega og dei beste fagmiljøa innan samferdsel.