Besøksadresse:

Nygårdsgaten 112
Bergen

Postadresse:

Postboks 874 Sentrum
5807 Bergen

Bestill, endre og avbestill time

Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon. Du kan ikkje møte opp utan avtale.

Du kan endre og avbestille ein time i timebestillingstenesta. Når du gjer det, må du oppgi eit referansenummer. Referansenummeret fekk du då du bestilte timen.

Bestill time

Kva treng du?

Du må bestille time for å ta teoriprøve.

Tilrettelagd teoriprøve

Du kan søkje om ei tilrettelagd teoriprøve om du har lese- eller skrivevanskar eller av andre grunnar har problem med å svare på skriftlege spørsmål.

Ikkje oppkøyring ved denne trafikkstasjonen

Oppkøyring blir gjennomført på Bergen trafikkstasjon (køyretøy). Du må bestille time for å køyre opp.

Vi tilbyr ikkje køyretøykontrollar ved trafikkstasjonen vår, men du kan gjennomføre køyretøykontrollar på Bergen trafikkstasjon (køyretøy).

Kontakte trafikkstasjonen

Du kan ikkje ringe eller sende e-post direkte til trafikkstasjonen. Sjå korleis du kan kontakte Statens vegvesen.

Betaling på trafikkstasjonen

På trafikkstasjonen kan du betale slik:

  • med norsk bankkort eller Mastercard (kontaktlaust eller med PIN-kode)
  • kontaktlaust med mobil eller smartklokke
  • med kontantar

Du kan ikkje betale med Vipps.

Legitimasjon

Du må ha med gyldig legitimasjon når du møter på trafikkstasjonen.

Denne trafikkstasjonen har postkasse der du kan levere helseattest, salgsmelding og andre dokumenter hele døgnet.

© NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)