Tønsberg trafikkstasjon
Besøksadresse:
Åshaugveien 31Sem
Postadresse:
Postboks 1133107 Sem
Timebestilling og åpningstider
Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon. Du kan ikkje møte opp utan avtale.
Du kan endre og avbestille ein time i timebestillingstenesta. Når du gjer det, må du oppgi eit referansenummer. Referansenummeret fekk du då du bestilte timen.
Kva treng du?
Du må bestille time for å ta teoriprøve.
Tilrettelagd teoriprøve
Du kan søkje om ei tilrettelagd teoriprøve om du har lese- eller skrivevanskar eller av andre grunnar har problem med å svare på skriftlege spørsmål.
Du kan gi trafikkskulen fullmakt til å bestille time til oppkøyring for deg, eller du kan bestille timen sjølv.
Vi utfører køyretøykontroll av lette og tunge køyretøy ved timebestilling.
Tilbud om drop-in kjøretøykontroll
Det er mulig å få gjennomført noen enkle godkjenninger av lette kjøretøy (opptil 3 500 kg) uten timebestilling. Dokumentasjon og eventuelle fullmakter skal være med til kontrollen, og det skal møte en person per kjøretøy.
Tønsberg trafikkstasjon tilbyr drop-in kjøretøykontroll torsdager kl. 08.00 – 14.00.
Stengt alle helligdager.
Hente skilt
Du må bestille time når du skal hente skilt.
Levere skilt
Du kan levere skilt på trafikkstasjonen heile døgnet.
Sende skilt i posten
Du kan òg sende skilt i posten, til trafikkstasjonen si postadresse.
Bestill prøveskilt
Du kan bestille prøveskilt på Din side eller du kan bestille time for å kjøpe prøveskilt på trafikkstasjonen.
Kontakte trafikkstasjonen
Du kan ikkje ringe eller sende e-post direkte til trafikkstasjonen. Sjå korleis du kan kontakte Statens vegvesen.
Betaling på trafikkstasjonen
På trafikkstasjonen kan du betale slik:
- med norsk bankkort eller Mastercard (kontaktlaust eller med PIN-kode)
- kontaktlaust med mobil eller smartklokke
- med kontantar
Du kan ikkje betale med Vipps.
Legitimasjon
Du må ha med gyldig legitimasjon når du møter på trafikkstasjonen.