Alle kan be om innsyn i, retting og sletting av sine eigne personopplysningar hos oss.

Be om innsyn, retting og sletting Logg inn

Kva kan du be om innsyn i?

Du har rett til å få vite kva for nokre personopplysningar vi behandlar om deg. På Di side kan du sjølv sjekke mange av opplysningane.

Når du ber om innsyn kan du få vite

  • kva konkrete personopplysningar vi behandlar om deg
  • kvar desse er henta frå
  • til kva for nokre føremål (oppgåver) dei vil bli brukte
  • om dei har blitt gjevne vidare til nokon andre, og kven dei har blitt gjevne vidare til

Har du spørsmål om førarkort og køyretøy som ikkje gjeld krav om innsyn, kan du bruke kontaktskjemaet vårt.

For å kunne behandle saka di er vi avhengige av å bruke sak- og arkivsystemet vårt. Dette inneber at førespurnaden din og svaret vårt blir arkiverte, og søkbare i offentleg journal.

Statens vegvesen si behandling av personopplysningar er i stor grad heimla i lover med tilhøyrande forskrifter. Det vil derfor vere svært avgrensa høve til å få opplysningar sletta.

Endre adressa som er oppført

Ønsker du å endre adressa du står oppført med på Di side, må du melde frå til folkeregisteret hos Skatteetaten.

Du kan sjølv endre kontaktinformasjonen din hos Norge.no.

Når får du svar?

Du vil få svar til den digitale postkassa di i løpet av 30 dagar.

I nokre tilfelle vil vi trenge meir enn 30 dagar på å saksbehandle førespurnaden. I dei tilfella vil du få eit førebels svar med grunngjeving for forseinkinga.

Dersom du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege eller har bedt om innsyn per post, sender vi svaret per post.

Har du spørsmål om førespurnaden mens du ventar på svar, kan du kontakte oss på e-post.

Innsyn per post

Du kan også be om innsyn, retting og sletting ved å sende inn eit papirskjema til oss.

Du finn skjema i PDF-format på siden med skjema om personopplysningar.

Last ned passande skjema for førespurnaden din og fyll det ut. Gje oss gjerne tilleggsopplysningar som spesifiserer kva du ønsker innsyn i, retta eller sletta.

Send det utfylte skjemaet med en kopi av gyldig legitimasjon per post til Statens vegvesen Vegdirektoratet.