Har du fått ein SMS eller e-post frå Statens vegvesen som du ikkje venta? Ta deg god tid, og sjekk meldinga nøye før du gjer noko.

Akkurat no er det mange som får falske e-postar eller SMS der dei blir bedne om å anten oppdatere førarkortet sitt eller å oppdatere betalingsinformasjonen til AutoPASS-tenester.

Gå alltid inn via vegvesen.no eller autopass.no

Det beste vernet mot svindel er at du sjølv går til vegvesen.no eller autopass.no. Då veit du at det er den ekte nettsida du kjem til.

Slik beskyttar du deg

  • Slett SMS og e-post du mistenkjer er svindel, utan å opne dei.
  • Gå alltid til vegvesen.no eller autopass.no ved å skrive det inn på adresselinja øvst i nettlesaren.
  • Har du vorte svindla? Meld det til politiet så fort som mogleg. Gi også gjerne beskjed til oss på krimtips@vegvesen.no slik at vi kan gjere vårt for å stoppe svindlaren.
  • Har du delt kredittkortnummer, BankID eller kontonummer med nokon og mistenkjer at det var svindel? Kontakt banken din med ein gong. Du kan også sperre kortet ditt i nett- eller mobilbanken din. 

Slik avslører du forsøk på svindel

Får du ei melding du ikkje ventar, skal du alltid vere forsiktig:

Ein e-post som ser ut til å vere send frå ei adresse som sluttar på vegvesen.no, kan vere svindel, og ein falsk SMS kan liggje saman med andre meldingar frå ein kjend avsendar. Får du e-post frå Vegvesenet eller Autopass som er sendt frå ei ei avsendaradresse som sluttar på noko anna enn vegvesen.no, er det alltid svindel.

Ikkje opne vedlegg eller trykk på lenker i SMS og e-post. Ei lenke kan føre til ei falsk nettside for å lokke frå deg passord eller andre opplysningar. 

Sjekk språket. Svindelforsøk er ofte prega av dårleg språk og ein truande tone. Ver ekstra skeptisk dersom avsendaren oppfordrar deg til å handle raskt eller understrekar at det er viktig at du gjer noko.

Sjå fleire tips: