Denne publikasjonen deler informasjon om forhold på eller langs vegane som kan føre til forseinkingar eller forhøgja ulykkesrisiko i trafikken.

Vegarbeid, mellombels trafikkregulering, som stengingar, trafikkuhell, uvêr, ras og flom, er blant dei tinga som kan påverke trafikkavviklinga. Vi publiserer kontinuerleg meldingar vi får om slike forhold, og sender dei ut på DATEX II-format. 

Publikasjon

Vi gir ut trafikkmeldingar i ein publikasjon som dekkjer heile landet. Når du formidlar informasjonen vidare, ber vi deg vise til Statens vegvesen som kjelde.

Du må registrere deg for å ta lenka i bruk.

  • Versjon 3.1: https://datex-server-get-v3-1.atlas.vegvesen.no/datexapi/GetSituation/pullsnapshotdata

Dekning

Publikasjonen dekkjer forhold som kan påverke trafikken på offentlege vegar i Noreg.

Kvalitet

Statens vegvesen tar imot, verifiserer og distribuerer løpande informasjon om forhold som kan påverke trafikken. Vi oppgir så godt det er mogleg, tida frå noe skjer, til informasjonen blir distribuert, den geografiske posisjonen til det som skjer, og nøyaktigheita av informasjonsinnhaldet.

Filtrering

Publikasjonen inneheld informasjon om alle forhold, noverande og planlagte, som kan påverke trafikken. Det er informasjon frå heile landet. 

Dersom du bruker Trafikkmeldingar-publikasjonen, kan du bruke filter for å avgrense informasjonsmengda om eitt spesifikt tema. Dette kan til dømes vere ulykker, vedlikehald eller tilstand. Du kan lese meir om korleis ein kan filtrere i DATEX-spesifikasjonane.

Publikasjonar