For å få tilgang til DATEX-informasjon må du først bestille tilgang. Deretter kan du ta i bruk publikasjonane våre.

Når du bestiller tilgang, registrerer vi deg som DATEX-brukar. Dette gjer det mogleg for oss å informere deg om oppgraderingar og andre grunnar til at noden kan vere nede. 

Lær å bruke DATEX

Hos DATEX II Academy finn du rettleiingar, spesifikasjonar og annan informasjon som kan vere til hjelp når du skal bruke DATEX II.

Dokumentasjon og eksempeldata

Følg lenka for å laste ned DATEX-dokumentasjon, til dømes oversikt over endepunkt, gjeldande publikasjonar og og tilhøyrande skjema (wsdl). Du kan også sjå eksempeldata for publikasjonar, som viser strukturen til dataa og moglegheitene dei gir.

Nyttige funksjonar

Det er ei rekke funksjonar som kan vere nyttige å kjenne til når du jobbar med DATEX-publikasjonar.

Hent informasjon for førehandsdefinerte lokasjonar

Ved hjelp av ein lokasjonstabell kan du hente informasjon for førehandsdefinerte lokasjonar frå ein DATEX-publikasjon. Du finn lokasjonstabellen på sida om RDS-TMC.

Sjekk om ein publikasjon er endra

Du kan bruke headerlinja «If-Modified-Since» for å sjekke om ein publikasjon er endra sidan eit oppgitt tidspunkt.

Sjå UML-modellen

UML-modellen viser datarelasjonane i DATEX-modellen for den gitte spesifikasjonen.

Vis DATEX-data i kart utan å bruke DATEX-tenesta

Sjå DATEX-data på Vegvesen trafikk

Vegvesen trafikk er ei teneste frå Statens vegvesen med trafikkinformasjon. Ho publiserer mellom anna DATEX-DATA i kart.

Lurer du på noko?

Kontakt oss på e-post dersom du ønskjer meir informasjon.

Gå vidare

DATEX