Vi i Statens vegvesen publiserer postjournalane våre på eInnsyn.

Søk i postjournalen til Statens vegvesen eInnsyn.no

Postjournalen omfattar dei seks divisjonane til Statens vegvesen, og Vegdirektoratet. Vegdirektoratet er eit eige overordna organ. Dokument mellom divisjonane og Vegdirektoratet kjem fram i postjournalen som interne notat, men blir ikkje rekna som organinterne notat etter offentleglova §14 (Lovdata). Inntil vidare er avsendar/mottakar på enkelte av desse ikkje synleg i postjournalen. Dette skuldast den tekniske løysinga Digitaliseringsdirektoratet har valt. Digitaliseringsdirektoratet eig eInnsyn.

I eInnsyn kan du søkje etter dokument som er mottatte, sende eller oppretta av divisjonane i Statens vegvesen og Vegdirektoratet frå 27. mars 2012. Du kan også sjå dokumentdetaljar og bestille innsyn i postjournalane våre frå same dato.

Meir informasjon om eInnsyn (einnsyn.no)

Om du vil klage på avslag på innsynskrav, er det Vegdirektoratet som er klageinstans. For saker som tilhøyrer Vegdirektoratet, er Samferdselsdepartementet klageinstans.

Tidlegare dokument

Kontakt oss dersom du ønsker innsyn i dokument frå før 27. mars 2012.