Slik har vi organisert verksemda
Statens vegvesen er underlagt Samferdselsdepartementet og består av seks fagdivisjonar og eit direktorat. Etaten blir leia av ein vegdirektør.
Vegdirektoratet ligg i Oslo, mens divisjonane har hovudkontora sine andre stader i landet.
Trafikant og køyretøy (Arendal)
Trafikant og køyretøy har ansvar for å utøve myndigheit og forvalte regelverket for trafikantar og køyretøy.
Transport og samfunn (Trondheim)
Transport og samfunn har det utførande ansvaret for dei oppgåvene Statens vegvesen utfører uavhengig av vegeigar, for heile transportsystemet.
Utbygging (Bergen)
Utbygging har ansvar for å gjennomføre Statens vegvesen sine utbyggingsprosjekt. Det er i utgangspunktet prosjekt som er større enn 200 millionar kroner.
Drift og vedlikehald (Tromsø)
Drift og vedlikehald har ansvar for å vareta vegeigarskapet på eksisterande riksvegar, også riksvegferjestrekningar. Divisjonen skal også gjennomføre mindre utbyggingsprosjekt, i utgangspunktet prosjekt under 200 millionar kroner.
IT (Drammen)
IT skal støtte Statens vegvesen sin tenesteproduksjon med sikre, effektive og tilgjengelege IT-tenester og -leveransar til alle einingar i Statens vegvesen.
Fellesfunksjonar og HR (Moss)
Fellesfunksjonar og HR skal støtte Statens vegvesen sin tenesteproduksjon ved å dekke funksjonar med tilhøyrande oppgåver, tenester og leveransar for alle einingar i Statens vegvesen.
I tillegg har Vegvesenet rundt 70 trafikkstasjonar rundt om i landet. I forvaltningssaker er Vegdirektoratet det øvste forvaltningsnivået og klageinstansen til divisjonane.