Dei tre prioriterte områda våre skal støtte opp under Nasjonal transportplan sitt overordna mål; effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem i 2050.

Trafikksikkerheit

Nullvisjonen er ein visjon om null drepne og hardt skadde i vegtrafikken. Vi skal gjere gode prioriteringar for å sikre utviklinga av talet på drepne og hardt skadde i samsvar med visjonen. Foto: Bård Asle Nordbø

Veg

Vegnettet må vere føreseieleg, vere utan store standardsprang og ha fornuftige fartsgrenser. Vi prioriterer tiltak for å hindre møteulykker og alvorlege utforkøyringsulykker. Vi legg til rette for trygg gåing og sykling med særleg fokus på byområde og skoleveg. 

Trafikant

Kvart menneske er unikt. Det er menneskeleg å gjere feil, og vår tilnærming er at ubevisste feilhandlingar ikkje skal føre til alvorlege ulykker. Vi intensiverer arbeidet vårt for å påverke åtferda til trafikantane i trafikken.

Køyretøy

Den teknologiske utviklinga har gitt oss sikrare køyretøy med avanserte førarstøttesystem og auka passiv sikkerheit. Vi bidrar til sikrare køyretøy på vegen gjennom målretta tekniske kontrollar og tilsyn med verkstader.

Samarbeid

Vi bidrar til at alle aktørar jobbar i samsvar med prinsippa i nullvisjonen. Vi styrkar sektoransvaret vårt for trafikksikkerheit gjennom mellom anna å leie utarbeidinga og oppfølginga av den nasjonale tiltaksplanen for trafikksikkerheit på veg.

Føreseieleg framkomelegheit

Vi skal raskt utvikle tenester som gir kunden meir føreseielege vegar med betre framkomelegheit. Foto: Øyvind Ellingsen

Vi har fokus på å leggje til rette for ein enklare reisekvardag for person-, nærings- og kollektivtransport og større konkurranseevne for næringslivet. Vi skal utvikle fleire og meir brukarretta digitale tenester for kundane våre.

Tenestene vi utviklar, skal bidra til auka framkomelegheit på veg og gi trafikantane føreseielegheit slik at dei kan ta gode og effektive val. Til grunn for tenestene ligg datadrivne analysar og avgjerder, kundeinnsikt, prediksjonar, styring og automatisering.

Dei tre produktområda Framkomelegheitstenester, Framkomeleg veg og Trafikkflyt og beredskap skal styrke Statens vegvesen på dette området.

  • Framkomeleg veg skal støtte og skape gode verktøy for byggeleiar og entreprenør på drift. Dette vil gi nyttig informasjon og tenester til kundane.
  • Framkomelegheitstenester er eit produktområde som sørgjer for at trafikantane sine behov for relevant, påliteleg og tilgjengeleg trafikkinformasjon er dekte.
  • Trafikkflyt og -beredskap skal bidra til at dei som ferdast langs vegnettet, opplever sikkerheit, god trafikkflyt og høg oppetid.

Berekraft

Berekraft omfattar fem område som vi har stor påverknad på, og som vi jobbar målretta for å lykkast med. Foto: Staten s vegvesen

Klimagassutslepp og klimatilpassing

Vi skal kutte klimagassutslepp frå transportsektoren i tråd med Noreg sine forpliktingar, og tilpasse vegnettet til framtidas klima.

Vi reduserer klimagassutslepp med 55 prosent frå vegtransport, bygging, drift og vedlikehald og intern drift innan 2030.

Vi gjer vegnettet motstandsdyktig gjennom heilskapleg arbeid med klimatilpassing.

Ressursbruk og sirkulærøkonomi

Vi skal ta vare på det vi har, utbetre der vi kan og byggje nytt der vi må.

Vi fremjar sirkulære løysingar i planlegging og bruk av vegnettet, og reduserer ressursbruk og avfall ved bygging, drift og vedlikehald av veg.

Vi er leiande på sirkulære tenester for intern drift i offentleg sektor.

Biologisk mangfald og økosystem

Vi skal ta vare på naturen og ha null netto tap av biologisk mangfald.

Vi unngår tap av viktig natur, og reduserer den totale arealbruken til utbyggingsporteføljen.

Vi tar vare på natur og økosystem langs vegen, på land og i vatn.

Lokalsamfunn og trafikantar

Vi skal ha eit trygt og tilgjengeleg transportsystem som legg til rette for miljøvenlege framkomstmiddel.

Vi jobbar for nullvisjonen, nullvekstmålet og er pådrivar for berekraftig mobilitet.

Vi reduserer risiko for negative helseverknader frå vegtrafikk, og vi legg til rette for ei universelt utforma fysisk og digital reisekjede.

Seriøsitet og arbeidsforhold

Vi skal ha nulltoleranse for arbeidslivskriminalitet i leverandørkjeda og transportnæringa.

Vi sikrar at alle  leverandørane våre etterlever seriøsitetsføresegner innan 2030.

Vi tar ei leiande rolle for eit seriøst arbeidsliv i transportsektoren.

Statens vegvesen sin virksomhetsstrategi