Dine køyretøy på Di side
Dine køyretøy er både for privatpersonar og bedrifter.
Du må ha tilgang til bedriftstenester via Altinn for å kunne bruke tenestene på Di side.
I Dine køyretøy kan du mellom anna
- få oversyn over kva køyretøy som er registrerte på deg
- bestille vognkort og laste ned mellombels vognkort
- sende inn salsmelding
- betale omregistreringsavgift
- bestille køyretøykontroll
- søke om og bestille personleg bilskilt
Avgrensingar i tenesta
Kjøpar må vere over 18 år for å kunne nytte løysinga ved sal av køyretøy.
Har du gjort for mange forsøk, blir salsmeldinga stoppa, og du kan ikkje lenger sende salsmelding på køyretøyet i nettløysinga.
Har du oppdaga ein feil eller ønsker å sende inn ein klage?
Dersom du ser noko du meiner er feil i opplysningane om køyretøya dine, eller du ønsker å sende inn ein klage, ber vi deg kontakte oss.