ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på internett.

For at sikkerheita di i ID-porten skal ivaretakast på best mogleg måte, bør du vere merksam på fylgjande:

  • Sørg for at den elektroniske eininga du brukar, er oppdatert.
  • Sikre den elektroniske eininga di med passord/PIN-kode.
  • Ha oppdatert antivirus på datamaskina di.
  • Logg ut når du er ferdig.

Sikkerheitsnivå

Du loggar inn på Di side via ID-porten med MinID, BankID, Buypass eller Commfides for å få tilgang til sjølvbeteningsløysingane våre.

På Di side er det mykje informasjon som krev høgaste tryggingsnivå, og som krev innlogging med BankID, Buypass eller Commfides. MinID har lågare tryggingsnivå og gir derfor ikkje tilgang til alle tenester på vegvesen.no