Artikkelen er frå 2021, og innhaldet kan vere utdatert.

Riksveg 13 mellom Hella ferjekai og Leikanger skal utbetrast.

Tre entreprenørar har levert inn tilbod på jobben på den 10 kilometer lange strekninga i Sogndal kommune, på den nordlegaste delen av Riksveg 13.

Dei som har levert tilbod, er (prisane er ekskl mva):

TilbydarTilbodssum ekskl. mva:
Mesta AS            9.937.123,88
Fosse Maskin og Transport AS   10.209.257,00
Augestad Maskin AS       

10.959.075,00

– Det er seriøse tilbydarar som har gitt tilbod, men vi hadde venta fleire. No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna tilboda, og tek sikte på at vi kan underteikna kontrakt med den nye entreprenøren så snart som mogleg, seier prosjektleiar Oddvin Hov i Statens vegvesen.

– Det skal byggjast fleire nye møtelommer, og nokre av dagens møtelommer skal oppgraderast. Vi skal utføra TS-tiltak (TS = trafikksikring), der vi skal fjerna knausar og steinar som står tett ved vegen, og vi skal planera sideterreng for å ta vekk trafikkhinder.

Trafikken på strekninga er per i dag 750 køyretøy i døgnet. Av dette er 12 prosent tunge køyretøy.

Jobben skal vera ferdig 1. mars 2022.

Denne strekninga på Riksveg 13 skal utbetrast.
Denne strekninga på Riksveg 13 skal utbetrast. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland