Artikkelen er frå 2021, og innhaldet kan vere utdatert.

Når det skal jobbast i 11 tunnelar nord i Vestland frå no og til utgangen av november, må det stengingar til.

Mesta har fått vedlikehaldsoppdraget etter å ha levert eit tilbod på 25 millionar. AG Tunnel og BMO Tunnelsikring var også med i konkurransen, og leverte tilbod på høvesvis 26,3 og 31,9 millionar (prisane er ekskl.mva).

Arbeida skal starta så snart som mogleg, og vera ferdig innan utgangen av november.

riksveg 5, Fjærlandstunnelen, Vestland, vedlikehald
Det er i Fjærlandstunnelen at arbeidet før størst konsekvensar før trafikken, med stenging på tre timar. Biletet er frå eit tidlegare arbeid. Foto: Geir Ove Engebø, Statens vegvesen

Dette skal gjerast

Tunnelane som skal vedlikehaldast – og arbeidet som skal gjerast – er:

Riksveg 5 Fodnestunnelen (Lærdal): Levering og montering av to høgdehinder (høgdemarkørar).

Riksveg 5 Amlatunnelen (Sogndal): Levering og montering av to høgdehinder. Vass- og frostsikra drypp i tunnelen. I tillegg tetta vasslekkasje mellom portal og bankett, som er eit fortausliknande tryggingstiltak som skal redusera risikoen for påkøyrsel i tunnelveggen. Vatnet må leiast vekk frå portalen og fram til sandfangkum om lag 10 meter frå portal.

Riksveg 5 Frudalstunnelen (Sogndal): Levering og montering av eitt høgdehinder i øvste ende retning mot Sogndal. Vass- og frostsikra drypp.

Riksveg 5 Bergstunnelen (Sogndal): Levering og montering av eitt høgdehinder i enden retning Fjærland.

Riksveg 5 Fjærlandstunnelen (Sogndal og Sunnfjord): Riva om lag 4000 kvadratmeter netting i tunneltaket og sikra med bolt og sprøytebetong. Vass- og frostsikra drypp.

Riksveg 13 Fatlatunnelen (Sogndal): Vass- og frostsikring.

Riksveg 15 Oppljostunnelen (Stryn): Vass- og frostsikring. Både reparasjon av eksisterande vass- og frostsikring, og nymontering.

Riksveg15 Grasdalstunnelen (Stryn): Vass-og frostsikra drypp. Både reparasjon av eksisterande vass- og frostsikring, og nymontering.

Riksveg 15 Hjelletunnelen (Stryn): Vass- og frostsikra drypp. Både reparasjon av eksisterande vass- og frostsikring, og nymontering.

E39 Bogstunnelen (Høyanger): Levering og montering av to høgdehinder.

E39 Klebergtunnelen (Gloppen): Levering og montering av to høgdehinder.

Trafikkstyring

 – Vi har forståing for at vegarbeid som dette kan vera krevjande for bilistane. Samtidig er det då viktig å minna om at vi gjer det for dei; for å vareta trafikktryggleiken også i framtida, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Det vil bli styring av trafikken medan jobbinga pågår. Det er i Fjærlandstunnelen at vedlikehaldsarbeidet får dei største konsekvensane for dei reisande.

– Der må vi ha lange stengningar når fjellet skal sikrast med sprøytebetong. Betongen skal herda og støvet må ut av tunnelen før vi set trafikk på. Det betyr at det på Fjærlandstunnelen blir nattarbeid og tre timar lange stengingar, legg Hovland til.

Sjekk før du skal ut

For å få oversikt over vegarbeid før ein skal ut og køyra, vert bilistar oppmoda til å sjekka trafikkmeldingane på 175.no.

Her finst det til ei kvar tid oppdatert oversikt over situasjonen på alle norske vegar.

Kontaktperson: Sveinung Hovland, e-post sveinung.hovland@vegvesen.no, telefon 97517080

Aktuelt for fylke: Vestland