Artikkelen er frå 2021, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen sitt oval rundkøyring-prosjekt i E39 Knarvik er miljøvennleg på endå fleire måtar enn først tenkt.

– Det grønne skiftet er viktig for oss i Statens vegvesen. Derfor ligg det inne miljøinsentiv i alle våre nye kontraktar, seier byggeleiar Allan Emil Nyheim i Statens vegvesen.

E39, Knarvik, Vestland, oval rundkøyring
Betre Knarvik-miljø er viktig for Statens vegvesen ved byggeleiar Allan Emil Nyheim og kontrollingeniør Anne Marta Espelund. Til venstre anleggsleiar Glenn Minde i hovudentreprenør Vassbakk & Stol. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Positivt for lokalbefolkninga

Hovudentreprenør på oval rundkøyring-prosjektet i Knarvik er Vassbakk & Stol AS.

Karmøy-firmaet er underlagd strenge krav til avfallssortering, og hadde sorteringsverk i starten av anleggsarbeidet.

– Her sorterte vi stein ut frå blanda massar, både reine og forureina. Dette gjorde at store delar av massane kunne gjenbrukast på anlegget. Dette reduserte også mengden ny stein som måtte fraktast inn, seier anleggsleiar Glenn Minde i Vassbakk & Stol.

Dette er positivt både for økonomien og miljøaspektet i prosjektet, og ikkje minst for lokalbefolkninga i Knarvik – i form av mindre anleggstrafikk.

– Vi har full forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for dei som vert råka i det daglege. Difor gjer alt vi heile tida alt vi kan for å minimera ulempene for dei, supplerer Nyheim.

E39, Vestland, Knarvik, rundkøyring, oval rundkøyring
Denne lastebilen var mellom det som dukka opp i bakken under Statens vegvesen sitt nye E39-anlegg i Knarvik. Foto: Glenn Minde, Vassbakk & Stol AS

Ryddar opp i gamle synder

Grønt skal det bli også når det nye veganlegget er ferdig. Trafikkøya i rundkøyringa skal bli beplanta slik at køyreopplevinga for dei mange bilistane i området vert betre på fleire måtar.

Alt dette høyrer med til den planlagde grønne profilen på anlegget. I tillegg dukka det opp noko anna som gjer prosjektet dyrare, men som også gjer Knarvik både reinare og grønnare.

Du kan godt seia at vi ryddar opp i gamle synder. For det viste seg at det absolutt ikkje var reint nede i bakken, seier Nyheim.

– Vi grov opp mellom anna to gamle lastebilar, ein personbil, i tillegg til oljefast, bildekk og anna søppel. Med alt dette vekke, vert det det heilt klart reinare på Knarvik. Det vart ein ekstrakostand i prosjektet å grava opp og alt dette og køyra det på godkjent mottak, men ein kan kanskje seia at dette er mellom det bompengane i prosjektet går til, legg han til.

Tidlegare har mykje overvatn frå E39 runne ned i Kvassnesstemma. No vert dette vatnet leia vekk frå det populære friluftsrområdet og rett ned i Osterfjorden.

To års anleggsarbeid

Anleggsarbeidet i Knarvik starta i mars i år, og skal etter planen vera ferdig i mars 2023.

I tillegg til ny rundkøyring skal det byggast fortau og gang/ sykkelveg, ny undergang for mjuke trafikantar ved Stallane, og det blir ny kommunal veg fra rundkøyring til Knarvik senter og Kvernhushaugane.

Med i prosjektet er også omfattende leidningsarbeid for Alver kommune, i tillegg til kabelarbeid.

Hovudentreprenør er Karmøy-firmaet Vassbakk & Stol, og kontrakten har ein verdi på 70,5 millionar pluss moms.

Prosjektet E39 Knarvik sentrum er eitt av prosjekta i bompengepakken Nordhordlandspakken.

Finansieringsplan for Nordhordlandspakken omfattar statlige midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar. Nordhordlandspakken er vedtatt i ein eigen stortingsproposisjon – Prop. 164 S (2016-2017).

Bompengeinnkrevinga starta desember 2019, og skal etter planen vera ferdig i 2031.

Aktuelt for fylke: Vestland