Feilkøyring skapar trafikale problem i Sogndal
Fleire trafikantar bryt skiltinga i Gravensteinsgata.
Problema har oppstått etter at vegarbeida i gata vart ferdige, og nye skilt er sette opp. Mange følgjer ikkje skiltinga, og køyrer slik dei gjorde tidlegare.
![Ny skilting: Innkøyring i Ålkrysset. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen](/contentassets/9d75fd066b0d43d59f93b7d680ca5912/innkoyring-inn-i-alkrysset-crop.jpg?width=768&mode=crop)
– Alle trafikantar må følgja og respektera skiltinga. Kanskje
gjer dette at dei må endra køyremønsteret sitt i Sogndal sentrum, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.
Det er i Ålkrysset og Leighgota-krysset at det er ny skilting samanlikna med tidlegare.
![Ny skilting: Utkøyring frå Leighgota. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen](/contentassets/25c18dad112b4fdb94d3121f914d2f8b/utkoyring-fra-leighgota--crop.jpg?width=768&mode=crop)
Førebels har det ikkje oppstått trafikkfarlege situasjonar, men det har hopa seg opp med trafikk fordi enkelte ikkje følgjer skiltinga.
Gravensteinsgata er hovudgata i Sogndal sentrum og vert gjennomsnittleg trafikkert av 9471 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 8 prosent, eller 758, lange køyretøy (altså tungtrafikk). Gata har også høg andel mjuke trafikantar.
![Ny skilting: Utkøyring i Ålkrysset. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen](/contentassets/960c2dc257434ef8ac2a48a010f65bb0/utkoyring-i-alkrysset-crop.jpg?width=768&mode=crop)
Kontaktperson: Jørn Kristian Engebø, e-post jorn.engebo@vegvesen.no, telefon 9591891