Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen oppgraderer rekkverk på E134 langs Åkrafjorden i Etne.

Arendal-firmaet Veisikring AS er innstilt til å få kontrakten, i konkurranse med fem andre.

Dei som levert tilbod, er (og alle prisane er eksklusive moms):

TIlbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
Veisikring AS frå Arendal 3.892.625,00
Trygg Vei AS frå Solbergelva  4.484.397,00
Arvid Gjerde AS frå Innfjorden  4.878.038,55
SVB Veisikring AS frå Tonstad  5.544.675,00
Mesta AS 5.580.397,14
Sigurd M Søvik AS frå Skjoldastraumen  5.999.985,00

Karensfristen er på ti dagar. Arbeidet startar så snart som mogleg etter signering, og skal etter planen vera ferdig til 29. juni.

E134 Langfosstunnelen i Etne.
E134 Langfosstunnelen i Etne.

Ønsker å verta ferdige til fellesferien

– Det vi heilt konkret skal gjera, er å oppgradera rekkverka våre på E134 langs Åkrafjorden. Vi skal montera godkjende endar på alle eksisterande rekkverk langs vegstrekninga på 29 kilometer. I tillegg skal vi ta bort eksisterande rekkverk og montera nytt, godkjent rekkverk i portalane i tre tunnelar på europavegen i Etne kommune: Markhus- (2409 meter), Glymje- (818 meter) og Langfosstunnelen (728 meter), seier byggeleiar Einar Hauge i Statens vegvesen.

Det er viktig å understreka at eksisterande rekkverk ikkje utgjer noka trafikkfare, men vi er nøydde til å oppgradera rekkverka til eksisterande regelverk. Dette er eit arbeid vi ønsker å ha ferdig til fellesferien, legg han til.

E134 Glymjetunnelen i Etne.
E134 Glymjetunnelen i Etne.

– Vi gjer det for trafikantane

Det vil verta noko trafikkdirigering, men inga stenging av vegen medan arbeida føregår.

– Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid som innebér venting kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, for at vegen skal kunna utføra sitt samfunnsoppdrag som ein trygg og trafikksikker veg med høg oppetid også i morgon. Og det er nettopp det drift og vedlikehald av vegnettet handlar om. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarar det i morgon. Gode og oppgraderte rekkverk er ein del av dette.

Den aktuelle strekninga vert gjennomsnittleg trafikkert av om lag 2.000 køyretøy i døgeret. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 25 prosent, eller 500, lange køyretøy, altså tungtrafikk.

E134 Markhustunnelen i Etne.
E134 Markhustunnelen i Etne.

– Noko av det finaste vi kan gjera

Byggeleiar Einar Hauge i Statens vegvesen oppsummerer:

– Noko av det finaste vi kan gjera, både for samfunnet og klimaet, er å ta vare på det vi har. Denne kontrakten går rett inn i kjernen på mykje av det Statens vegvesens drift og vedlikehald av vegnettet handlar om.

Denne vedlikehaldskontrakten er eit døme på at Statens vegvsen stadig gjer tiltak ute på vegane for å betra tryggleiken for trafikantene.

– Kvar for seg er tiltaka kanskje ikkje så synlege, og dei er heller ikke dei mest kostbare, men over tid bidreg dei til å redusera risikoen for ulukker og alvorlege hendingar, eller minska skadane når ei ulukke har skjedd, i tråd med vår nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.

Kontaktperson: Einar Hauge, e-post hauge.einar@vegvesen.no, telefon 45631077

Aktuelt for fylke: Vestland, Rogaland