Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Etter ein vellukka test har Flokk starta fullskala produksjon av kontorstolar laga av resirkulerte brøytestikker.

Våren 2021 lanserte kontorstolprodusenten Flokk for fyrste gong den klassiske kontorstolen HÅG Capsico Puls laga av kasserte brøytestikker. Testprosjekt – som vart gjort saman med SINTEF – var for å utforska nye, berekraftige og lokale måtar å bruke post-konsumerresirkulerte materialar få å laga vakre møbler.

Foto: Flokk

 Vellukka test

Prosjektet ga eit begrensa opplag av den klassiske HÅG Capisco Puls-stolen. Ein av desse stolane vart innkjøpt av Vegvesenet – og er i dagleg bruk av vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

No har Flokk inngått eit samarbeid med Våler Vekst (som er Noreg sin største produsent av brøytestikker), Statens vegvesen og ein stadig større gruppe aktørar som handterer snøbrøyting rundt om i landet.

No er det skapt ein jamn og berekraftig materialstraum til Flokk sin fabrikk på Røros av øydelagde brøytestikker som kan smeltast om.

Brøytestikker i plast får hard medfart frå vér og vind. Dei kasserte brøytestikkene blir returnert og råmaterialet av desse blir prosessert til mindre plastbitar. Så blir dei smelta om til mindre komponentar til kontorstolane – heilt utan tilsetningsstoff.

Flokk: Kontorstol av brøytestikker

Flokk: Kontorstol av brøytestikker

Fleire kolleksjonar

Over dei siste 12 månadane har dette samarbeidet sikra Flokk ein første innsamling på 7,5 tonn råmateriale, noko som gir 2.800 HÅG Capisco Puls-stolar.

Grunna den ulike samansetninga av råmaterial (ikkje alle brøytestikker har same farge) vil kvart års «kolleksjon» av plast ha variasjonar i fargen – ein indikasjon på kva for eit år stolen er frå. 2022-stolkolleksjonen hadde difor ein mørkare farge enn 2021-kolleksjonen, grunne ein høgare andel svarte brøytestikker.

Dei brøytestikkene som blei samla inn sist sumar vil være grunnlaget for kontorstolar som kjem på marknaden til hausten.

Av dei 600 tonn med plast-stikker som vi produserer kvart år, reknar vi med at 30 prosent vert så skadd at dei ikkje kan reparerast. Dette prosjektet hjelper oss ikkje berre å finne ein nytteverdi i avfallsmateriell, men bidreg samstundes til å skape eit kvalitetsmøbel.

HÅG Capisco Puls vert produsert på Røros. Stolen er designet av den kjente norske designeren Peter Opsvik.

Foto: Flokk

Ikkje berre ei brøytestikke

I tida me leve i er det særs viktig å utnytta dei ressursane som allereie eksistera. Difor er samarbeidet med Flokk eit godt høve på at Statens Vegvesen, med fleir, tek samfunnsansvar og initiativ når det kjem til gjenbruk.

Brøytestikker er ikkje lengre der berre for å vere optisk leidning for oss trafikkantar. No er dei også kontorstolar som skal vere med oss gjennom arbeidsdagen i mange år framover.

Vegvesenet heier på Flokk og samarbeidspartnerane – og er med som samarbeidspartnar også framover. På sikt vil alle driftskontrakter ha krav om gjenvinning av brøytestikker. I påvente av det har etaten gått ut med ei klar oppfordring til alle driftsentreprenørar om å bidra til gjenvinning.

Vegdirektøren sin kontorstol er laga av resirkulerte brøytestikker. (Foto: Henriette Erken Busterud)