Statens vegvesen har hatt geolog ute, og har starta oppryddinga etter skredet i Nærøydalen måndag. Og ein førebels konklusjon er klar.

– Det tar eit par dagar før vi kan opna. Det kan vi fastslå alt no, seier byggjeleiar Gaute Sekse i Statens vegvesen.

Skredområdet i E16 Nærøydalen. Foto: Jens Tveit, Statens vegvesen
Skredområdet i E16 Nærøydalen. Foto: Jens Tveit, Statens vegvesen

– Vi har byrja oppryddinga, og kjem til å gjera ei ny vurdering om opning onsdag ettermiddag. Eit visst atterhald er det, sidan vi enno ikkje har fått skredmassane vekk frå vegbanen. Dermed kan vi førebels ikkje seia om det er skadar på vegkroppen. Likevel er det på sin plass alt no å førebu trafikantane aust-vest på å nytta andre vegar enn E16 ei stund til, legg Sekse til.

Det er mogleg med omkøyring via riksveg 13 Vikafjellet, etter at Norled har sett opp ekstra ferjeavgangar på natt frå Vangsnes til Hella klokka 02.00, 03.00 og 04.00, og frå Hella til Vangsnes klokka 02.30, 03.30 og 04.30.

Andre omkøyringsmoglegheiter mellom Austlandet og Vestlandet er via riksveg 7 Hardangervidda eller E134 Haukelifjell.

Følg med på 175.no for oppdatert trafikkinformasjon frå Vegtrafikksentralen.

Kontaktperson: Gaute Sekse, e-post gaute.sekse@vegvesen.no, telefon 90733356

Aktuelt for fylke: Vestland