Kven, kva og kvifor vist i eit bilete. Ikkje mange har skapt eit kampanjemotiv som står seg i 20 år - og over ein milliard køyretøy har passert skilta.

Foto av kampanjeskilt langs veg: Knut Opeide. 
Fotograf av kampanjebilete: Massimo Leardini. 
Reklamebyrå: Dinamo
Foto av kampanjeskilt langs veg: Knut Opeide. Fotograf av kampanjebiletet: Massimo Leardini. Reklamebyrå: Dinamo

Bilbeltet er vår viktigaste livreddar: Det reduserer risikoen for å bli drepen eller skadd i ei ulykke med nærare 60 prosent for bilførarar og forsetepassasjerar. Sjølv om rundt 98 prosent no bruker bilbelte:
Nesten fire av ti drepne i bilulykker brukte ikkje bilbelte (eller brukte det feil).

Gullstandard for kampanjeskilt

Geir Tommy Hoset i Insikteriet har lang erfaring med kampanjar. Han meiner kampanjeskilta er ein gullstandard på grunn av den enkle, tydelege og gode kreative ideen:

- Kampanjeskilta er geniale. Dei har ein klar og tydeleg bodskap som formidlar varme, omtanke og omsorg. Dei er enkle og tidlause og treffer trafikantane midt i hjarte. Bileta er sterke og intense, noko som gjer det ekte og nært og vekkjer kjensler. Og dei er tufta på ein svært god kreativ idé, seier Hoset.

- Før vi kom fram til endeleg motiv jobba vi grundig med tilbakemeldingar frå publikum/trafikantar i fokusgrupper. Tilrådinga var at vi måtte vere så emosjonelle som vi kunne, dei var ikkje så interesserte i tal og statistikk, fortel Bjarte Skaugset i Statens vegvesen som både då og no jobbar med trafikktryggleikskampanjar.

«I staden for å true med død og forderving, får kampanjen oss til å tenkje på omsorg og kjærleik både for dei vi har ansvaret for og for oss sjølv» skreiv ein bilist til Statens vegvesen då kampanjen var lansert.

Passert av mange millionar

Det står rundt 600 kampanjeskilt langs norske vegar i sommarhalvåret. I starten var det berre bilbeltemotiv, no er det ei blanding av kampanjeskilt for bilbelte, fart og del vegen.

Døme på kor mange som har passert skiltet i løpet av 20 år:

  • E16 Bergen: 25 millionar
  • E6 Lillehammer: 22 millionar
  • E18 Porsgrunn: 30 millionar

Fekk fleire prisar

Det har vore stor kjennskap til kampanjen. Og ikkje minst har han vore veldig godt likt. Kampanjebiletet vart i 2003 kåra til månadens annonse i Aftenposten og årets annonse i Adresseavisen.

Adresseavisens jury skreiv mellom anna «Denne trefte oss midt i hjartet. Ein annonse kjemisk fri for harde fakta og peikefinger-bodskapar der annonsen heller har valt å spele på dei følelsesmessige argumenta. Godt tenkt og elegant dramatisert der tekst og bilete forsterkar bodskapen på ein god måte. All kommunikasjon skjer på mottakars (les; bilførars) premissar. Denne får merksemd, gir grunn til ettertanke og er noko ein snakkar om».

Positive tilbakemeldingar frå bilistar

Skaugset fortel at dei fekk tilbakemeldingar frå folk som sa at enkelte familiemedlemmer hadde byrja å bruke belte etter at skilta kom opp – dei tok på beltet når dei passerte skilta. Eit døme:

«Eg fekk lyst til å sende vesenet ein liten «blomst» i samband med bilbeltekampanjen som går føre seg. I staden for å true med død og forderving får kampanjen oss til å tenkje på omsorg og kjærleik, både for dei vi har ansvar for og for oss sjølv. Honnør til dei som har sett opp skilta og at dei er godt synlege og enkle å oppfatte når ein køyrar forbi»

Bilistane sende inn 2 800 bilbeltebilete

I 2008 hadde vi ein fotokonkurranse der publikum kunne sende inn eigne forslag til beltemotiv, og det kom inn 2 800 forslag. Engasjement blant privatpersonar og skuleklassar viser at folk tok kampanjen til seg.

Vegvesenet lanserte i 2016 ein variant av bilbeltekampanjen på fleire språk i Oslo retta mot ulike innvandrargrupper.

Intern skepsis mot skilta

Kampanjeskilt langs vegen var nytt for 20 år sidan, og det var ein del skepsis internt i Statens vegvesen: Skilta kunne bli vurderte som reklame som kunne ta merksemd frå trafikantane.

- Sidan dette var ein ny kanal køyrde vi massive kampanjar i aviser og magasin i forkant for å gjere motivet kjent før skilta kom opp langs vegen. Dette var jo før både smarttelefonar og sosiale medium, fortel Skaugset.

Framleis interesse frå andre

- Det kjem framleis stadig førespurnader frå både publikum, skular og forlag om kampanjen kan brukast som døme i både skuleoppgåver, eksamensoppgåver og i ulike lærebøker. Både trafikkskular og organisasjonar har bede om å få bruke materiell frå kampanjen. Dette set vi sjølvsagt stor pris på, seier Skaugset.

Motstand mot belte i starten

Det var stor motstand mot å bruke bilbelte då det vart påbode å bruke bilbelte på sytti-talet: Mange meinte til dømes at dei kunne ta seg for med hendene i ein kollisjon. Eller at det kunne vere vanskeleg å komme ut av bilen viss det byrja å brenne i bilen eller bilen hamna under vatn.

No bruker «alle» bilbelte

Statens vegvesen har hatt årlege bilbelteteljingar nesten kvart år sidan 1973. Då var det rundt 13 % i forsetet som brukte bilbelte. I dag er beltebruken på rundt 98 prosent for førarar i tettbygde strøk.I bilbeltekampanjen kombinerer vi kommunikasjonstiltak med kontrollar. Det gir oss fleire verkemiddel til å påverke beltebruken.

  • I fjor var det rundt 2 200 som fekk gebyr for ikkje å bruke bilbelte.
  • Blant dei som døyr i bilulykker er det nesten fire av ti som ikkje brukte bilbelte (eller brukte det feil)