Nytt køyremønster skal betre trafikkflyten og gje mindre kø. Arbeidet med å legge om køyremønsteret startar måndag 6. november kl. 20.00.

– Vi skal merke vegane på nytt og montere nye skilt. Alt skal vere på plass i slutten av uke 46, som sluttar med fredag 17. november. Vi håper at det blir betre flyt i trafikken og mindre kø når vi utnyttar køyrefelta betre, seier fungerande seksjonsleiar Kjell Erik Myre i Statens vegvesen.

Etter ny vegmerking og skilting blir køyremønsteret i rundkøyringa ved Birkelandsskiftet slik:

Frå vest (flyplassen) mot øst (Lagunen):

• Nytt: Du kan nytte begge feltane gjennom rundkøyringa når du skal mot Lagunen.
• Tidlegare: Berre eitt gjennomgåande køyrefelt (høyre felt).

Frå sør (Blomsterdalen):

• Nytt: Dei som skal rett frem mot Dolvik, skal nå ligge i venstre felt.
• Tidlegare: Trafikk rett fram mot Dolvik låg i høgre felt samen med dei som skulle mot Lagunen. Høgre felt har vore overbelasta, og det har blitt lange køar inn mot krysset frå sør.

Kart som viser nytt køyremønster på rv. 580 Flyplassvegen ved Birkelandsskiftet.
Statens vegvesen etablerer nytt køyremønster på rv. 580 Flyplassvegen ved Birkelandsskiftet i Bergen.

Kvifor blir det nytt køyremønster?

Ytrebygda har hatt stor vekst av både bustader og arbeidsplassar, som har gitt økt trafikk i et område der det frå før er stor trafikk til og frå Bergen lufthamn Flesland og de store næringsområda Sandsli, Kokstad, Lønningen og Espehaugen. Dette har gitt problem med avviklinga i rushtida på Flyplassvegen og Ytrebygdsvegen rundt Birkelandsskiftet. Det kan og sjå ut til at den nye E39 Os – Rådal påverkar trafikken i dette området. Frå Kokstad er det, særleg om ettermiddagen, vanskeleg å kome seg ut på overordna vegnett. Statens vegvesen, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune har blitt einige om å gjere strakstiltak for å betre trafikkavviklinga.

Framtidig løysning

Planen for rv. 580 Flyplassvegen er at det skal komme fire felt og planskilte kryss. Det vil også være aktuelt med fleire tiltak på fylkesvegnettet i området.

Aktuelt for fylke: Vestland