RNB-midlar ga veglys på E39 Stord
Bevilgning i revidert nasjonalbudsjett ga veglys langs tre kilometer E39 nord på Stord, frå Levåg til Engevik i Fitjar kommune.
Det var i fjor vår at Statens vegvesen starta arbeidet på strekninga, med å laga ny gang- og sykkelveg, samt forbetra sideterreng for å betra sikta langs vegen.
Samtidig gjorde Vegvesenet forarbeid for å kunna få opp gatelys på denne E39-strekninga i Sunnhordland.
– Med 5 millionar friske kroner frå revidert nasjonalbudsjett har vi nettopp fått lysanlegget i drift, seier byggeleiar Knut-Stian Rimmereid i Statens vegvesen.
– Vi er veldig glade for å kunna tilby trafikantane på strekninga ein forbetra E39. Tiltaka har gjort vegen sikrare og tryggare både for bilistar og mjuke trafikantar, legg han til.
Lysa er komne i drift både langs sjølve E39, og langs den nye gang- og sykkelvegen Statens vegvesen har laga i området.