Ei ung kvinne mista livet i Bergen da ho kryssa vegen like ved Munkebotstunnelen i Sandviken.

– Vi såg dessverre ei auke i talet på dødsulukker på vegane i fjor etter fleire år med nedgang. I år har vi ytterlegare fleire drepne ved utgangen av oktober enn på same tid i fjor, seier Bente Isdal i Statens vegvesen.
Så langt i år har tretten menneske mista livet i trafikken i Vestland, mot åtte på same tid i fjor. Seks av disse blei drepe i september. Dei fleste – sju personar – mista livet i møteulykker, medan tre døyde i utforkøyringar. I september døde tre unge menneske i den same møteulukka i Florø.

Nasjonalt fleire ulykker med fleire drepne

I år er det fleire ulukker med fleire drepne, som gjer store utslag på statistikken. Dette gjelder for hele landet.
– Kvifor vi ser denne utviklinga, kan vi ikkje seie noko om ennå. Det kan være tilfeldig, men vil være noko vi ser på i analysen av årets dødsulukker, seier Isdal.
De to gruppene som skil seg ut i år, med flest dødsulukker, er dei yngste sjåførane og aldersgruppa 45+.

Visjonen om null drepne i trafikken i 2050, som er fastsett i Nasjonal transportplan, ligg framleis fast for alle trafikktryggleiksaktørane. Eit viktig delmål er at me skal ha maksimalt 350 drepne og hardt skadde i 2030.

Det viktigaste vi kan gjere for å forebygge trafikkulykker:

- holde fartsgrensa
- køyre rusfritt
- bruke bilbelte
- holde merksemda på vegen

Mange drepne i trafikken i oktober | Statens vegvesen

Aktuelt for fylke: Vestland