Statens vegvesen gjer no sikringsarbeid i åtte tunnelar på rv. 13 i Ryfylke.

Dei åtte er:

Kjøladals-, Vestre Vindsvik-, Austre Vindsvik- (desse tre ligg i Hjelmeland kommune), Husa-, Galtadals-, Osberg-, Rossajuv- og Kolstøtunnelen ( i Suldal).

Merking for ny boltsikting i rv. 13 Galtadalstunnelen. Foto: Johannes Handeland, Statens vegvesen
Merking for ny boltsikting i rv. 13 Galtadalstunnelen. Foto: Johannes Handeland, Statens vegvesen

– Det vi heilt konkret skal gjera, er spettreinsk, montera sikringsboltar og legga sikringsbetong, i tillegg til vass- og frostsikring, seier byggeleiar Johannes Handeland i Statens vegvesen.

Jobben startar denne veka og skal etter planen ta eit par månader (vêr- og temperaturavhengig).

Oppgåvene vil for det meste bli utførte på dagtid, men det kan også verta aktuelt med noko nattarbeid.

Slik blir trafikken regulert

Det blir ledebilkøyring forbi anleggsområdet, og det kan i periodar bli korte stengingar (om lag 30 minutt på dagtid og litt lengre på natta). Trafikantar som skal passera her, bør berekna litt ekstra tid.

Følg med på 175.no eller appen Vegvesen trafikk for oppdatert trafikkinformasjon. Det har aldri vore fleire moglegheiter enn i dag til å få informasjon om pågåande og planlagd vegarbeid. Det vil også bli skilta langs vegen.

Kart over tunnelane. Vestre og Austre Vindsvik nede til høgre, markert som eitt prosjekt. Osberg- og Rossajuv det same midt i biletet. Kart: Statens vegvesen
Kart over tunnelane. Vestre og Austre Vindsvik nede til høgre, markert som eitt prosjekt. Osberg- og Rossajuv det same midt i biletet. Kart: Statens vegvesen

Funn i inspeksjonar

Det er Mesta som er entreprenør på oppdraget.

– Arbeida vert utførte etter funn i geologiske hovudinspeksjonar. Desse er del av eit strengt inspeksjonsregime som skal syta for at Statens vegvesen til ei kvar tid har oversikt over vedlikehaldsbehov, slik at vi kan setja inn rett tiltak til rett tid. Tunnelar er mellom dei mest inspiserte vegobjekta på Statens vegvesen sine 10.600 kilometer med med riks- og europaveg, legg Handeland til.

– Vi har forståing for at vegarbeid kan skapar utfordringar for trafikantane, men då er det viktig understreka at det er nettopp dei me gjer jobben for, understrekar han til slutt.

Austre Vindsviktunnelen. Foto: Johannes Handeland, Statens vegvesen
Austre Vindsviktunnelen. Foto: Johannes Handeland, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Rogaland, Vestland