Statens vegvesen arrangerer, i samarbeid med Gulen og Masfjorden Brann og Redning, brannvernøving i Skrikebergtunnelen tysdag 14. mai.

Øvinga varar frå klokka 18.30 til 20.00.

Tunnelen blir i denne perioden stengd for trafikk. Unnatak er for utrykkingskøyretøy og buss i rute.

I tillegg blir det kolonnekøyring med ledebil ein periode før og etter øvinga, i samband med rigging og nedrigging.

Bilete frå ei tidlegare brann- og beredskapsøving i tunnel i regi av Statens vegvesen. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Bilete frå ei tidlegare brann- og beredskapsøving i tunnel i regi av Statens vegvesen. Foto: Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Trygg tunnel

– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.

Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vegvesenet skal halda slike beredskapsøvingar.

– Respekter ledebilen

Det hender frå tid til anna at det skjer ulukker i samband med kolonnekøyring. 

– Respekter ledebilen, og ikkje forsøk å ta snarvegar med å køyra utanom kolonnen. Det kan skapa farlege situasjonar for både deg sjølv og dine medtrafikantar. Å ferdast i trafikken er eit samspel, ikkje eit sololøp, legg Amudsen alvorleg til.

Samfunnsberedskap

Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.

– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Amundsen til.

– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar han.

Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.

Dette er tunnelen

Den 1.508 meter lange Skrikebergtunnelen på E39 ligg i Gulen kommune i Vestland, like sør for Sognefjorden og Oppedal ferjekai.

Tunnelen vart opna i 1990.

Han blir gjennomsnittleg trafikkert av 2.000 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 16 prosent, eller 320, lange køyretøy (tungtrafikk).

Kontaktperson: Ove Edgar Amundsen, e-post ove.amundsen@vegvesen.no, telefon 41750782

Aktuelt for fylke: Vestland