Dette gjer Statens vegvesen for å unngå trafikkork på og ved Hardangerbrua
Riksveg 13 Bu–Kyrkjenes i Hardanger, frå Hardangerbrua og sørvestover, er ein flaskehals kvar sommar.
Statens vegvesen er opptekne av å gjera det vi kan for å sikra framkomsten og trafikktryggleiken på alle våre vegar til ei kvar tid.
Difor har vi i fellesferien (1. juli - 15. august) klar fylgjebil og trafikkdirigentar viss lysreguleringa ikkje får unna trafikken på denne utsette vegstrekninga.
Som alternativ omkøyringsrute for Hardangerbrua oppmodar Statens vegvesen trafikantane å bruka ferjeruta Tørvikbygd-Jondal.
For detaljar om trafikkdirigeringa og framkomsten oppmodar Statens vegvesen som alltid trafikantane til å bruka ein av fleire moglegheiter for å få informasjon om trafikken i sanntid:
Anten ved å sjekka 175.no, appen Vegvesen trafikk, sms-varsel eller digitale informasjonsskilt.
Det har aldri vore fleire moglegheiter til å få oppdatert informasjon om trafikken enn i dag. Vidare tilrår vi trafikantane å berekna ekstra tid.
Dei digitale skilta vil stå i så god avstand som mogleg før bru og ferjekaiar. Statens vegvesen vil nytta desse skilta til å informera viss trafikken hopar seg opp.
På denne måten gir vi trafikantane moglegheita til å vurdera alternative omkøyringar i god tid.
Dette kan vera særleg aktuelt no om sommaren, når det er meir trafikk enn elles i året.
Kontaktinfo: Vegtrafikksentralen vest, e-post vts-vest@vegvesen.no, telefon 555 77460