Øver på brannberedskap i Haukelitunnelen
E134 Haukelitunnelen blir stengd medan Statens vegvesen har brann- og beredskapsøving.
Derfor blir det, frå klokka 14.00 måndag 3. juni til klokka 06.00 tysdag 4. juni, kolonnekøyring via Dyrskar omkøyringsveg.
Øving med mange læringspukt
– Øvinga blir i fleire delar der Statens vegvesen skal ha demonstrasjon av brannteppe rundt klokka 15.00. Her set vi fyr på ein bil (helst el-bil) og lærer korleis vi sløkkjer denne ved hjelp av brannteppe, fortel praktisk tunnelforvaltar og brannvernleiar Ole Petter Fjermeros i Statens vegvesen.
Deretter startar ordinær beredskapsøving rundt klokka 17.00 med alle naudetatar, og det blir øvd på scenario som naudetatane sjølve ønskjer å øva på.
– Siste del av øvinga blir ei «varm» øving der me brenn ein brann tilsvarande ein lastebilbrann inne i tunnelen for å læra oss sjølv og brannvesenet korleis røyken breier seg i denne lange tunnelen med ulik bruk av viftene, legg han til.
– Vi set opp fleire målepunkt for å finna ut av kva viftekombinasjon som vil spara flest mogleg liv dersom katastrofen skulle inntreffa. Dette er utruleg viktig lærdom då røyken kan oppføra seg ulikt frå tunnel til tunnel på grunn av lengd og utforming, utdjupar Fjermeros.
Arbeider for trygge tunnelar
Han understrekar at Statens vegvesen beklagar ulempene og forstår at stengde tunnelar er utfordrande for trafikantane.
– Men dette gjeld berre for ein avgrensa periode og er viktig for beredskapen. Stenginga og øvinga gir oss høve til å øva på ulike scenarium og førebu oss på uventa hendingar.
Statens vegvesen er forplikta til å gjennomføra slike øvingar i samsvar med Tunnelsikkerhetsforskriften (TSF), som krev jamlege fullskalaøvingar kvart fjerde år, og dessutan deløvingar årleg.
– Vi gjennomfører beredskapsøvingar i tunnel for å sikra at infrastrukturen i tunnelane er trygg for trafikantane. Ved å identifisera og handtera moglege risikoar og utfordringar gjennom øvinga, kan naudetatane og Statens vegvesen arbeida saman for å sikra at tunnelen oppfyller dei nødvendige tryggleiksstandardane, avsluttar Ole Petter Fjermeros.
Om tunnelen
Haukelitunnelen er ein 5682 meter lang eitløps tunnel der det er mykje tungtrafikk som går på E134 mellom aust og vest. Det er derfor avgjerande å øva på hendingar som kan oppstå.
Tunnelen vart opna for trafikk i 1968 og oppgradert til EU-standard i 2023.
Kontaktperson: Ole Petter Fjermeros, e-post ole.petter.fjermeros@vegvesen.no, telefon 90970401