Gjer nytt forsøk på å ta ned steinblokk ved E16 Flenjatunnelen
Det lukkast ikkje natt til i dag, så Statens vegvesen gjer no eit nytt forsøk på å fjerna ei steinblokk ipå austsida av E16 Flenjatunnelen, mot Flåm.
– Det tok lengre tid enn antatt, og vi fekk ikkje ned steinblokka ned natt fredag, slik planen opphavleg var, seier byggjeleiar Morten Ørbech Mo i Statens vegvesen.
– Det er veldig beklageleg at me må stengja ei natt til. Men det handlar om trafikktryggleik, og den tar vi som ansvarleg vegeigar sjølvsagt på største alvor, legg han til.
– Det har vore kontinuerleg ledebilkøyring sidan klokka 18.00 torsdag, med eitt køyrefelt ope. Dette vil halda fram til midnatt natt til laurdag. Då stengjer vegen att, fram til klokka 06.00 laurdag morgon, avsluttar Morten Ørbech Mo.
Opphavleg pressemelding, sendt onsdag, kan du lesa her.