Grunna tunnelarbeid blir det kolonnekøyring og stenging på Strynefjellet natt til laurdag og sundag.

Statens vegvesen skal kvitmåla tunnelveggane i rv. 15 Ospeli-, Grasdal- og Oppljostunnelen klokka 21.00-06.00 desse nettene.

Veggane i Strynefjellstunnelane skal kvitmålast for å betra trafikktryggleiken. Biletet er frå eit tidlegare prosjekt av same typen.
Veggane i Strynefjellstunnelane skal kvitmålast for å betra trafikktryggleiken. Biletet er frå eit tidlegare prosjekt av same typen. Foto: Statens vegvesen

I stengeperiodane vert det ledebil frå vest kvar heile klokketime, og frå aust kvar halve klokketime.

Stenginga er tilpassa kollektivtrafikken. Vegen bil bli opna for utrykkingskøyretøy.

Dei tre Strynefjellstunnelane. Frå nedst til øvst Ospeli-, Grasdal- og Oppljostunnelen. Kart: Statens vegvesen
Dei tre Strynefjellstunnelane. Frå nedst til øvst Ospeli-, Grasdal- og Oppljostunnelen. Foto: Kart: Statens vegvesen

Det Statens vegvesen heilt konkret skal gjera, er å måla tunnelveggane kvite.

– Kvitmåling av tunnelveggane er eit trafikktryggingstiltak. Ein lysare tunnel er ein endå tryggare tunnel, seier byggeleiar Even Hjelle i Statens vegvesen.

Han oppmodar trafikantane til å respektera arbeida og kolonnekøyringa.

Kontaktperson: Even Hjelle, e-post even.hjelle@vegvesen.no, telefon 97588421

Ospelitunnelen er den nedste av dei tre Strynefjellstunnelane. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Ospelitunnelen er den nedste av dei tre Strynefjellstunnelane. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen