Mål om oppstart i september for arbeid på E39 Vestnes ferjekai
Vegvesenet skal snart i gang med strakstiltak på E39 Vestnes ferjekai. Kiosken skal rivast og det skal leggast betre til rette for mjuke trafikantar.
Ferjesambandet Molde-Vestnes frakta ifjor 1.1186.405 personar, 904.026 køyretøy og 7.950 motorsyklar, og var Møre og Romsdal sitt mest trafikkerte ferjesamband i 2023.
Dette skal gjerast
Situasjonen på Vestnes ferjekai i dag er store utflytande områder, og lite system for blanda trafikk av køyretøy og mjuke trafikantar.
– Strakstiltaka skal mellom anna auke trafikksikkerheita for mjuke trafikantar ved å styre trafikken til og frå parkeringsarealet, redusere lengda på dagens fotgjengarkryssing og legge til rette for av- og påstigning til buss like inntil ferjekaia. Den gamle ‘’Furneskiosken’’ blir riven og det skal settast opp eit heilt nytt servicebygg nærare kaia. Det skal også etablerast løysing for sykkelparkering, og renovasjonsløysinga skal vidareførast, seier byggeleiar Kristian Hauståker i Statens vegvesen.
Strakstiltaka inngår som ein del av eit større arbeid som er planlagt for Vestnes Ferjekai. Statens vegvesen er også i gang med detaljregulering for kaia og tilhøyrande landområde.
Planarbeidet omfattar mellom anna etablering av gang- og sykkelveg og trygg kryssing av E39 med samband heilt til Vestnes sentrum. Vidare omfattar det tilrettelegging for ny og dobbel ferjekai i tillegg til eksisterande kai, som vil få ny funksjon.
Ny rammeavtale
Dette blir den første «minikonkurransen» som blir lyst ut på den nye rammeavtalen ‘’Mindre vegarbeid område midt 2024-2026’’ som vart signert av alle entreprenørane 26.juni.
– Om alt går etter planen og entreprenørane har kapasitet, håpar vi på oppstart i starten av september 2024, avsluttar Hauståker.
Statens vegvesen vil komme tilbake med meir informasjon når det nærmar seg oppstart for arbeida.