Statens vegvesen må fjerna ei steinblokk i fjellsida ved E16 Flenjatunnelen, på austsida mot Flåm.

Det var i samband med ein rutinemessig geologisk inspeksjon det vart oppdaga sprekker bak ei steinblokk.

Statens vegvesen tek ned denne steinblokka ved E16 Flenjatunnelen natt til fredag.
Statens vegvesen tek ned denne steinblokka ved E16 Flenjatunnelen natt til fredag. Foto: Google Maps

– For trafikktryggleiken si skuld ser vi oss nøydde til å ta vekk blokka, seier byggjeleiar Morten Ørbech Mo i Statens vegvesen.

Jobben skal gjerast natt til fredag denne veka.

– I samband med rigging av jobben (sikring av tunnelportal, skilt og tekniske installasjonar), blir det kontinuerleg ledebilkøyring i området frå klokka 18.00 torsdag. Frå midnatt  stengjer me vegen, og den blir stengd til vi har fått ned blokka, og rydda eitt køyrefelt. For naudetatar freistar vi å få opp eit køyrefelt så snart som mogleg.

Denne saka at er eit døme på at Statens vegvesen har eit strengt inspeksjonsregime på landets riks- og europavegar.

– Ved å ha inspeksjonar med faste intervall har me oversikt over tilstanden på og ved vegen. Då avdekkjer me tilhøve som dette, og har grunnlag for å setja inn rett tiltak til rett tid. I dette høvet er det riktig å ta ned steinblokka med ein gong, slik at vi skal kunna tilby trafikantane trygg veg. Vi forstår at stengd veg kan skapa konsekvensar for trafikantane, men konsekvensane kan bli større viss me ikkje gjer dette, avsluttar Morten Ørbech Mo.

Aktuelt for fylke: Vestland