Med gjenopninga er Stalheimskleivi tilbake til start, rigga for framtida.

Dei spektakulære 14 hårnålssvingane med opp til 20 prosent stigning over dryge 250 høgdemeter på 2 kilometer vart bygde på 1840-talet, til bruk for ferdsel med hest og kjerre.

Divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo i Statens vegvesen Drift og vedlikeheld sto for snorskjeringa (med tollekniv, må vita) då Stalheimskleivi laurdag vart gjenopna etter fire års restaurering.
Divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo i Statens vegvesen Drift og vedlikeheld sto for snorskjeringa (med tollekniv, må vita) då Stalheimskleivi laurdag vart gjenopna etter fire års restaurering. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Sidan har det kome stadig større og tyngre køyretøy, og fram til 1980 var dette ein del av hovudvegen på E16.

For fire år oppdaga Vegvesenet skadar på nokre av dei flotte murane, og måtte stengja vegen for å utbetra og restaurera.

Denne jobben avdekte at strekninga er eit endå flottare og endå meir fantastisk byggverk enn ein har visst frå før.

Til no ukjende høge murar både i inner- og yttersvingar kom til syne. Minekammer frå krigen vart gravne fram. Unike smijernsrekkverk som på 1930-talet delvis vart støypte inn i betong, kom opp i dagen og har no fått sin renessanse.

Stalheimskleivi er ikkje berre freda, men ligg og i verdsarvområdet Nærøydalen. Dermed har Vegvesenet måtta søkja om dispensasjon for alle inngrep både i vegen og sideterrenget.

Arbeidsmetodane som er nytta (mellom anna tørrmuring) har hatt som mål at det endelege resultatet skal verta mest mogleg likt det opprinnelege.

Det har bidrege til at Stalheimskleiva no er tilbake i gamal prakt, med den autentiske verdien vareteken, forsterka for framtida.

Etter fire års restaurering er Kleivi no opna att, men berre for gåande og syklande. Flott som aldri før. Men aldri meir bilar eller turistbussar.

Tilbake til start, rigga for framtida. Stalheimskleivi opna att; ringen er slutta.