Byter fuger på rv. 5 Storehagen bru
Statens vegvesen byter fuger på Storehagen bru i Førde 2.- 6. september.
Arbeida vil føregå måndag til fredag, og då utelukkande på nattestid (klokka 21.00-06.00), den tida av døgnet då det er minst trafikk.
Brua vil vere open for trafikk medan arbeida pågår, med manuell dirigering og innsnevra køyrefelt.
Dette er drift og vedlikehald
I periodar vil brua verte stengd for gåande. Dei kan då i staden kan bruke Langebrua som kryssar Jølstra litt lenger inne, om lag 250-300 meter unna.
– Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid kan vere krevjande for trafikantane. Og det er nettopp derfor vi legg arbeida til den tida på døgnet då det er minst trafikk, seier byggeleiar Jon-Vegar Aga Kjærgaard i Statens vegvesen.
I tillegg er det viktig å minne om at vi gjer dette for trafikantane, for at vegen framleis skal vere trygg og framkomeleg, legg han til.
– Og det er nettopp dette drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om. Drift å halde vegen open i dag, vedlikehald er å syte for at vi klarar det i morgon. Godt bruvedlikehald er ein del av dette samfunnsoppdraget, understrekar han.
– Rett tiltak til rett tid
Vegvesenet har ansvaret for om lag 6.000 bruer og brukonstruksjonar over heile landet.
– Eit strengt inspeksjonsregime sørger for at vi har oversikt over tilstanden på desse. Det bidrar til at vi kan gjere rett tiltak til rett tid. Som i dette tilfellet å byte fuger, avsluttar byggeleiar Jon-Vegar Aga Kjærgaard i Statens vegvesen.
Storehagen bru er 60 meter lang og vart bygd i 1987. Brua gjennomsnittleg trafikkert av 10729 køyretøy per dag. Det er dette som vert kalla ÅDT. Av dette er 11 prosent, eller 1180, lange køyretøy (tungtrafikk).