Stenger rv. 9 Bykletunnelene frå september for nødvendig oppgradering
Måndag 2. september startar arbeidet med å oppgradera elektro og belysningsanlegget i dei to tunnelane Sandfjødd og Byklestigen i Bykle kommune.
Alt av elektro og belysningsanlegg blir nytt når arbeidet er ferdig.
– Me skal fjerne all eksisterande elektroinstallasjon. Me skal montera ny kabelbru, og alt av kablar og belysningsutstyr blir nytt når arbeidet er ferdig , seier Torgeir Hodne, byggjeleiar i Statens vegvesen.
Koplar tunnelane til Vegtrafikksentralen
– I tillegg til nytt elektro- og belysningsanlegg, skal dei to Bykletunnelene koplast til Vegtrafikksentralen, fortel Hodne.
Verken Sandfjøddtunnelen eller Byklestigentunnelen er i dag kopla til Vegtrafikksentralen.
– Dette gjer at Vegtrafikksentralen kan overvaka eventuelle feil på utstyr i tunnelane, og dei får no kamera på kvar side av tunnelane, seier Hodne.
Manuell dirigering og kolonnekøyring
Dei to tunnelane blir helstengt frå måndag 2. september kl. 12.00. For trafikantane som skal passera, blir det omkøyring via Movegen (gamle riksvegen).
– Trafikken på omkøyringsvegen blir leidd av ledebil. Det blir kontinuerleg kolonnekøyring heile døgnet, og trafikantar må rekna med noko ventetid for å komma med kolonnen. Ventetida kan bli opptil 20 minutt, forklarer Hodne.
Den nordre innkøyringa til Trydalsvegen blir stengd medan oppgraderingsarbeidet går føre seg. Så bebuarar og andre trafikantar må nytta den sørlege innkøyringa.
Nytt veglys og tekniske bygg
I tillegg til å kopla tunnelane til Vegtrafikksentralen, er det mykje anna som også skal utførast.
– Me skal byggja to nye tekniske bygg, eitt for kvar tunnel. Me skal òg grava og montera nytt samanhengande veglys mellom tunnelane og nye lys på utsida av kvar tunnel, fortel Torgeir Hodne.
Eksisterande vassikring skal fjernast og erstattast av nytt vass- og frostsikring, og dette skummet skal dekkast av sprøytebetong. Røyr til straum og fiber skal leggjast ned inni tunnelen, og mellom anna fiber og straumforsyning til busetnaden på nordsida av Sandfjødd blir lagd i bakken gjennom heile anleggsområdet.
– Dei gamle skilta som markerer vegkanten i tunnelen og festeboltane til desse blir erstatta med kantstein og støypt sideareal inn mot fjellveggen. Dette vil redusera faren for personskadar ved påkøyring av lette køyretøy som sykkel eller MC, forklarar Hodne.
Arbeidet er berekna å vara i inntil tre månader.