– Det er ein heilt vanleg slitasjeskade på ein heisebjelke som lyfter brua opp og ned, og difor må vi erstatta bjelken, seier byggjeleiar Kim Dagsland i Statens vegvesen.

Mannheller ferjekai. Rv. 5. Mannheller-Fodnes.
Mannheller ferjekai. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Slik blir ferjetidene i samband med arbeidet

Siste avgang frå Mannheller før arbeida startar blir klokka 23.00, medan siste avgang frå Fodnes blir 22.40.

Fyrste avgang frå Mannheller etter arbeida er klokka 04.00. Fyrste frå Fodnes er klokka 03.30.

Slik blir rutetabellen i samband med stenginga av Mannheller ferjekai natt til tysdag.
Slik blir rutetabellen i samband med stenginga av Mannheller ferjekai natt til tysdag. Foto: Frå Norled sin rutetabell

Medan Mannheller ferjekai er stengd, vil Norled bruka kaien i Kaupanger. For oppdaterte rutetider, sjå Norled sin rutetabell.

– Vi gjer det for trafikantane 

Statens vegvesen har forståing for at stengd ferjekai kan vera krevjande for trafikantene.

– Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei. Vi har lagt arbeidet til den tida av døgnet då det er minst trafikk, for å minimera ulempene for trafikantane, legg Dagsland til.

Dette er drift og vedlikehald

Statens vegvesen har ansvaret for drift og vedlikehald av 10.600 km riks- og europaveg over heile landet, inkludert 16 ferjestrekningar. 

Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarar det i morgon. Og det å erstatta ein heisebjelke på ein ferjekai, er ein del av dette.