Frå 9. september til og med 23. desember blir Fodnestunnelen nattestengd i samband med vedlikehaldsarbeid. Det blir eigne ferjeruter via Lærdal om natta.

Tunnelen blir stengd frå klokka 20.00 til 06.00 med gjennomkøyring frå Lærdal klokka 20.40, 21.40 og 05.40.

Bilar som kjem med ferje frå Mannheller klokka 20.40 og 21.40 får passera gjennom tunnelen med ledebil.

Frå klokka 21.40 til 05.40 vil det gå ferje mellom Lærdal til Mannheller og Fodnes. Sjå rutetabell her.

Rv. 5 Fodnestunnelen. Foto: Kart: Statens vegvesen
Rv. 5 Fodnestunnelen. Foto: Kart: Statens vegvesen

Statens vegvesen minner om ferjerute som vil gå medan tunnelen er stengd.

 Arbeidet startar oppatt etter nyttår 2.januar 2025 klokka 20.00 med same stengetider som før jul.

Her er den nye rutetabellen.
Her er den nye rutetabellen. Foto: Rutetabell: Norled

Trafikantar kan til ei kvar tid finna oppdaterte trafikkmeldingar på 175.no.

Nettene der tunnelen er stengd, vil det ikkje vera mogleg med transport av farleg last som inneber avgrensingar i passasjertalet på ferja. Det opplyser ferjeoperatør Norled.

Vår førre pressemelding om saka kan du lesa her.

Aktuelt for fylke: Vestland